Dramatikk om "Vestviking"
Ringnòtaren "Vestviking" kan verta tvangsseld. Minioritetseigar Kathe Beate Njåstad har fått medhald om at partsreiarlaget skal kunna tvangsseld, med båt og bruk. Reiar Hans Reidar Njåstad meiner at dette er synd og skam.





Foto: Vestviking
4. mars 2010 - 13:49

VM neste
Hanne Haugland gjorde det særs godt på skeiser i helga då ho vann Noregscupen og sette personleg rekord på 500 - og 1 000-meter. Prestasjonane førte til at ho vert teken ut til å gå junior-VM i Moskva om ei veke.




Foto: Sander Hvammen.
4. mars 2010 - 13:49

"Staaløy" på veg bort
Det ligg i korta at "Staaløy" etter ei tid kjem til å bli flytta til Sogn og Fjordane, etter at reiarlaget bak "Torbas" har kjøpt halvparten av aksjane i selskapet.
4. mars 2010 - 13:48

Slutt på vonde ryggar
Det har blitt mykje snømåking på kvar og ein den siste tida, og dermed mange vonde ryggar òg. Kiropraktor Jørgen Rønning Stein korleis det skal gjerast på rette måten i Marsteinen.
4. mars 2010 - 13:48

Til Loddo på ski
Til no i år har vinterterrenget i Austevoll vist seg frå ei ny side. Med kakao, kvikk-lunsj og appelsineri sekken, går Hauglands-folket stadig vekk på langrennsturar mot Loddo!
4. mars 2010 - 13:48

Menn tenar 280 000 meir
Nye tal frå Statistisk sentralbyrå viser at menn frå Austevoll i snitt tenar 280 000 meir enn kvinnene. – Menn er ute og tener mykje, medan damene er heime og tenar mindre, seier Bjørg Unnstad frå likestillings- og diskrimineringsombodet.
4. mars 2010 - 13:47

Grytten til Austevoll
Brageprisvinnar Frode Grytten blir den fyrste i ei rekkje av kjende forfattarar som vitjar Austevoll. Les Marsteinens intervju med mannen bak Bikubesong, i denne vekas utgåve.









Foto: Hans Jørgen brun / Samlaget
4. mars 2010 - 9:58

Ny eksportrekord i februar
Eksportverdien av norsk sjømat var 7,7 milliardar kroner ved utgangen av februar. Det er ein auke på 831 millioner kroner eller 12 % sammenlikna med same periode i 2009, viser tall fra Eksportutvalget for fisk (EFF). I februar månad var eksporten på heile 4,2 milliarder kroner, som er ein auke på 650 millioner kroner eller 18,5 %. Det er sett ny eksportrekord for både februar måned og for perioden januar til februar.
4. mars 2010 - 9:50

"Odda" går Hufthamar-Krokeide
Problem med "Vikingen", som den siste tida har gått i strekninga Hufthamar-Krokeide, gjorde at "Odda" onsdagskvelden overtok sambandet. Mannskapet reknar med at "Vikingen" vil vera i drift att til 11.35-ferja i dag.
– Til no har me fått med alle bilane som har kome tidsnok, og me har kjørt full ferje i heile føremiddag. Men me slit litt med å halde ruta, seier ein av mannskapet til Marsteinen.
"Odda" går til vanleg ruta Ranavik-Skjersholmane og tek 75 bilar.
3. mars 2010 - 9:06

Mat villsauen!
Mattilsynet i Sunnhordland har lister over villsaubønder i Austevoll som ikkje er flinke med å fôra dyra sine.
– Me gjer dei tidsfrist til over helga, seier inspektør i Mattilsynet, Svein Rimestad.



25. februar 2010 - 10:36