ANNONSØRINNHOLD

Flytta frå storbylivet til småhus i Austevoll

Då ekteparet Daniel og Frida Reinsfelt skulle etablera seg på bustadmarknaden, kom dei tilfeldigvis over feltet til Bygger’n Blænes Bygg i Austevoll. Etter første visning var dei selt. No bur tilflyttarane i eit minihus i Solesvik, tett på naturen med utsikt over nydelege Bekkjarvik!

- Når me kjem heim att frå jobb i byen, er det som å tråkka ut av eit vakuum. Me kjem oss vekk frå jaget og all støyen, og kan sitja i stova og sjå utover fjorden. Me kan til og med høyra oss sjølv pusta - det er terapi, smiler Daniel medan han ser ned på Bekkjarvik Torg.

At ekteparet valte å busetja seg i Austevoll er eigentleg summen av ei rekkje heldige tilfeldigheiter. Dei hadde ingen tilknyting til staden frå før.

Forelska i staden

- Me var på utkikk etter noko i vår prisklasse, i tillegg ønskja me begge å bu med nærleik til natur og å halda oss innan ei rimeleg avstand til Bergen ettersom me begge jobba der på denne tida. Desse ønskja definerte eit visst geografisk nedslagsfelt, og plutseleg dukka feltet Solesvik opp på Finn, smiler Daniel.

Ekteparet heiv seg på hurtigbåten som berre tar femti minutt frå Bergen til Bekkjarvik. Det tok ikkje lange tida før dei vart forelska i staden.

- Eg hugsar me tenkte at det var knyst stille her. Kor var liksom alle lydane blitt av? Sirenene, all ropinga og skrikinga? Me blei forelska i stillheita og det landlege, og ikkje minst i utsikta som møtte oss oppe i Solesvik. Her i frå ser ein blant anna over til Fitjar og alle vindmøllene, og ned på nydelege Bekkjarvik.

Vision care, Glasses, Smile, Sleeve, Gesture, Waist

Det er no to år sidan ekteparet kjøpte tomt og bygde seg eit minihus. Frida pendlar framleis til Bergen med hurtigbåt, medan Daniel har byrja på styrmannsskule i Austevoll.

Det er Byggern Blænes Bygg som er utviklar av feltet og som står bak bygginga av småhuset til ekteparet. Trelastbedrifta har lang erfaring innan byggebransjen og er ein total leverandør som leverer bustadar, garasjar, hytter og rorbuer, rehabilitering, og utleige av leilegheiter.

Total leverandør

Totalt er dei 16 tilsette i bedrifta, som jobbar med store og spanande prosjekt, der i blant sal av hytte- og rorbutomter i Bjånestangen og nydelege tomter med klausul i Solesvik – eit felt som består av einebustadar, tomannsbustadar og småhus.

- Til no har det vore mange interesserte, og fleire av tomtene er selte. Nokon har allereie bygd seg hus også, fortel Kristian Blænes, avdelingsleiar i Blænes Bygg.

Vehicle registration plate, Automotive lighting, Building, Tire, Wood

I Solesvik kan du som kundevelja akkurat kva hus du vil, om det er eit tradisjonelt, herskapeleg eller moderne. Du kan også velja blant eit stort utval arkitektteikna ferdighus frå det nye bustadkonseptet til E.A. Smith og Byggern; HEIM Boligsystem, som er utvikla for profesjonelle utbyggjarar og entreprenørarar som ønskjer ein effektiv byggeprosess og funksjonelle bustadar.

HEIM Boligssystem

Bustadane frå HIBA Hus er vidareført og styrkja gjennom den nye merkevara HEIM, og har no åtte nye fleirmannsbustadar å tilby frå to- til seksmanns. Lerk er også ein av nyheitene, som er ein liten og kompakt tomannsbustad med to soverom. Dette er ein bustad som passar perfekt for eksempelvis nyetablerte – slik som ekteparet Daniel og Frida, seier Blænes, som er stornøgd med å vera ein del av HEIM Boligssystem.

Motor vehicle, Baseball cap, Outerwear, Smile, Sky, Workwear, Headgear, Wheel

Meir tid i kvardagen

Grunna høge bustadprisar tilbyr stadig fleire trelastbedrifter ulike modellar av småhus, der i blant Blænes Bygg.

- Me ønskjer å kunna tilby noko for alle, også dei som slit med å koma seg inn i bustadmarknaden, difor satsar me på slike småhus – dei er både flotte og funksjonelle!

Ved å flytta inn i eit småhus, reduserer ein ikkje berre storleiken på bustaden, ein minskar også utgiftene, legg Daniel til.

Han trekkjer også fram mindre husarbeid som ein fordel, og meiner tid er den nye luksusvara.

- Me får rett og slett meir tid i kvardagen, og med det kan me eksempelvis reisa meir, smiler han.

Ekteparet var tett involverti byggeprosessen, og kunne ikkje vore meir nøgd med samarbeidet med Blænes Bygg.

- Sjølv om det var ein grunnspesifikasjon på sjølve huset, var me tett involvert og fekk det slik me ønskja. Me fekk eksempelvis byta eit vindauga med ei terrassedør, teikna terrassen slik me ville, gjera endringar på standardkjøkenet, bestemma fargeval og setja inn eit stort garderobeskap i gangen. Det var viktig for oss å setja vårt preg på huset, så me er svært takksame for alle tilvala og endringane me fekk gjera undervegs, fortel han og held fram.

-Ettersom dette var vårt første huskjøp var me jo heilt grøne når det gjaldt bygging. Me sat difor stor pris på all hjelp og råd me fekk av utbyggar – dei var ein trygg og god samarbeidspartnar!

Inne i det moderne, koselege huset på eit plan, har dei fått plass til både gang, eit romsleg bad, to soverom, bod og open stove- og kjøkenløysing. Huset er totalt 60 kvadratmeter i grunnflate.

Interior design, Picture frame, Plant, Houseplant, Wood, Fixture, Floor, Building, Flooring
Picture frame, Interior design, Property, Shelf, Bookcase, Shelving, Art, Paint, Publication, Wall

-Det er høgt under taket, og dei store vindauga gir oss både lys og ei kjensle av at me sit ute i naturen. Her har me alt me treng og vel så det!

Utanfor huset er det ein stor treplatting og hage, kor ekteparet har planta blomar i eigenprodusert blomekasse.

Det er Frida som er gartnar, eg hjelper berre til med å hella oppi mold i blant, ler Daniel.

Å ha ein hage var noko me begge har drøymt, men som me aldri kunne fått i byen. Her kosar me oss mykje på sommaren, og nyter den flotte usikta. Me har bruksrett på hagen som er framfor huset, elles eig alle som bur her uteområde rundt. Det blir som eit sameige, noko me synest er veldig greitt.

Her senkar Daniel og Frida skuldrene. Huset og staden er verkeleg blitt eit pusterom.

-Me føler oss heime, sjølv om me ikkje er oppvaksen her eller har noko tilknyting. Me har fått eit utruleg godt miljø her oppe i Solesvik, der fleire har blitt gode venner av oss. Her bur det folk i alle aldrar, men mest unge nyetablerte. Resten av befolkninga i Austevoll har tatt oss godt i mot dei også - nei her likar me oss svært godt!, avsluttar dei glade bustadkjøparane.

Om annonsørinnhaldet frå pm vest

Innhaldet i denne artikkelen er ikkje skrive av redaksjonen, men av marknadsavdelinga til PM Vest.

Me er opptekne av eit tydeleg skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhald. Annonsørinnhaldet frå PM Vest blir difor merka tydeleg, slik at lesaren kan oppfatta at innhaldet er betalt for og produsert i samarbeid med ein annonsør. Om du opplever at denne eller andre annonser er utydelege, gi oss gjerne beskjed på epost.

Synest du denne type artiklar ser spanande ut?
Ta kontakt så hjelper me deg gjerne!

© Copyright Polaris Media Vest