– Det blir ein nedgang i kvoterådet for havbrisling på grunn av dårleg rekruttering i fjor. Det har ført til ein nedgang i gytebestanden i 2024, seier Cecilie Kvamme, havforskar og bestandsansvarleg for brisling ved Havforskingsinstituttet.

Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) tilrår ein kvote på 75.321 tonn, ein nedgang frå 143.598 tonn førre kvoteår. Noreg får ein kvote på 7.532 tonn, noko som svarar til 10 prosent av totalkvoten.

For brisling går kvoteåret frå juli til juni etterfølgjande år. Kvotenedgangen vil dermed gjelde frå juli i år.

(©NPK)