Tøkje-karane har hatt fiskeri på dei to mindre båtane "Arya" og "Regina" i tillegg til nybygget "Varde" ein Cleopatra 36 frå Trefjar på Island. Å gjera seg ferdig med tildelt fisk på dei små båtane var ein meir tidkrevjande affære enn dei åtte-ni dagane det tok med den nye storebroren i flåten.

– Me fiska ved Sørøya, i hovudsak på Brevikfjorden. Dette er mest grunna dei mindre båtane våre, seier Ole Kristoffer Tøkje til Marsteinen. Når dei har sett strek for fiskeria, kan dei konstatera ein snittpris på 33 kroner kiloet for torsken.

Snittprisen til "Varde" vart rundt 33 kroner kiloet. Neste år håpar Ole Kristoffer og Jonny (biletet) på å slå saman kvotar frå dei mindre båtane over på nyebåten. Foto: Ole Kristoffer Tøkje.

Håpar å slå saman kvotar i '25

Tøkje er open på at dei kunne fått betre pris om dei hadde levert til andre mottak, men då måtte dei ha vinka farvel til dei små båtane sine, som ikkje eignar seg til fiskeri i dei mest vêrharde områda.

– I Nord-Noreg er du likevel nesten på havet berre du går ut av hamna. Vona vår er likevel at me kan få flytta kvotene frå småbåtane våre over på "Varde" til neste sesong, seier Ole Kristoffer og viser til innføringa av ID-kvoteordninga. Dette er ei ordning som skal gje grunnlag for at eigar av to fartøy kan slå saman kvotegrunnlaget, og fiska den samla kvoten på eitt av fartøya. Tøkje fortel at båtane no er sende på skip sørover kysten.

Fangstane i år er leverte til Nergård Sørøya. Området er elles vidt kjent i sportsfiskekrinsar for både skrei og andre ettertrakta fiskeartar å få på kroken.

Råfisklaget melder at det per tysdag er omsett 85 270 tonn fersk torsk til ein verdi av 3 119 millionar kroner. Til same tid i fjor var det omsett 101 330 tonn til ein verdi av 3 234 millionar kroner.

Krabbe og leppefiske

Når dei tre fiskebåtane er trygt heime i Austevoll igjen, vert det å sjå etter aktivitet for dei. Tøkje-klanen håpar naturlegvis på fornya tillit for leveranse av leppefisk til lokale oppdrettarar, men har òg investert i eit større kvantum krabbeteiner.

– No skal eg kasta meg over telefonen og avklara desse spørsmåla, seier Ole Kristoffer, som fiska om bord i "Varde" saman med faren, Jonny. Dei mindre båtane vart operert av veslebror Sebastian med assistanse frå fetter Alexander Gustavsson. Tidleg i sesongen var òg Adrian Sivertsen med som mannskap.