Kvinne: Ei ukjend kvinne frå Stolmen, som kan vere kusine til Holger si mor. Eit av dei siste kunstverka som er omsett på auksjon av Holger, i 2004. Utlånt av Wendelboe kunsthandel. Foto: Foto utlånt av Wendelboe kunsthandel.

Av: Marius Løbø Fimland Eg tok opp pennen ein gang i vinter, og ville skriva om kunstnaren Holger Engebø. Han som har teikna utallige teikningar av tun og folk på Stolmen, han som alle trur hadde familie på Stolmen, han som berre forsvann ein gang på 50-talet.

Puslespelbetane om Holger er diverre få, og mange dei som hadde med han å gjera er for lengst vekke. Like framt finst det eit vell av måleri, teikningar og til og med hoggingar i stein som lyt fortelja historia om kunstnaren, som hadde sitt mest aktive virke på Stolmen.

Inga Engebø, dotterdotter av John Aarland, fekk i 1909 den andre sonen sin med Theodor Engebø frå Sunnfjord. Ei folketelling frå Digitalarkivet syner fyrste sporet av familien i Kristiania i 1910, sjølv om det er huset like ved Marken i Bergen som skal verta familiestaden like fram til åttitalet.

Ein solskinsdag i 1958 sit ei ung jente frå Valhamar og ser på gutane som fiskar etter aure i Stangelandsvatnet. Med eit tilfeldig augekast ser ho at under mosen der ho sit ser det ut som om nokon har hogd noko inn i steinen. Ho byrjar å rydda, og avdekkar meir og meir tekst. I dag, snart 60 år etter, er det meste av teksten ikkje råd å lesa, men enkelte ord og uttrykk er tydlegare enn andre.

Familiegravstaden til handelsfamilien Pettersen er veldig framtredande i måleriet av gravstaden i Kvalvågen. Foto: Utlånt av Stolmen skule.

Talentet unge Holger utvikla kom gjerne frå faren, som var sølvkunstnar av yrke og oljemålar av hobby, men studiane ved Kunstakademiet i København, og ikkje minst læretida hjå Nikolai Astrup på Jølster i Sunnfjord gjorde nok sitt til å finslipa kunstnarsjela til Holger. Samstundes kan begge læreplassane skildrast som merittar i seg sjølv, for ikkje å nemna at ein 20 år gamal H. Engebø fekk stilla ut to verk på Vestlandsutstillingen i 1929. Verre vart det ikkje dei to neste åra, der han òg fekk stilla, ei bragd av dei sjeldne. Kunsthandlar Jone Skjensvold i Bergen minnast at far sin, som var ein fast forhandlar av kunsten til Holger, skildra talentet som heilt sjeldan, men allereie i ung alder byrja teikna av ei plaga sjel å syna seg. Ein av dei gjenlevande som hugsar familien Engebø frå livet på Stolmen, skildrar kunstnaren som ein litt mystisk figur.

–  Eg hugsar broren Egon godt, men Holger… Han var alltid med, når det var fest og slikt, men det var mest som om han ikkje harmonerte heilt med dei andre på same alder, skjønar du?

Det fyrste kunstverket med Holger sin signatur på som eg har funne, er eit måleri av eit tun på Årland, signert 1929. Frå det 20. året i livet, og like fram til den siste teikninga med årstal på i 1947 var Holger ekstremt produktiv. Han var alltid å sjå ute i naturen, og var alltid elles litt framoverlent, mest som om han alltid såg etter eit motiv, vert det fortalt. Men ingen hugsar å ha tala med han. Ingeborg Årland (snart 84) minnast han godt, men kan berre fortelja det som byrjar å høyrast ut som eit ekko av alle dei andre eg har tala med.

– Han sat på Stangeland, rett bortforbi der Emmanuelle bur veit du, og malte Valhamar.

Andre kjelder seier han var ofte å sjå åleine på kyrkjegarden, og skulehuset på Stolmen har ein gang fått i gåve eit måleri av nett denne gravplassen, saman med eit teikning av ein bonde på Breim og ei udatert teikning av ein gamal mann. Mest kvar eit hus på Stolmen har eit eller anna verk av Holger virkar det som, og motiva som går att er ei blanding av bondelivet og myrlandskap. Der kyrkjegarden er mala i lyse og sterke fargar i 1930, vert motiva mørkare og mørkare etter kvart som åra går. Oddvar Stangeland har lenge vore fengsla av kunsten til Holger, og fann sjølv eit kunstverk på ein rammeverkstad, meir eller mindre tilfeldig.

– Det krev enormt mykje lys. Enormt mykje, fortel han, og syner måleriet av eit tjern og naturlandskap frå Mølnevika og Sørvik.

Slåtten på Stangeland, sett mot Grøntuo. Måla av ein 22 år gamal Holger. Foto: Utlånt av Tor Magnus Stangeland.

Forutan teikning og måleri, hogde Holger òg i stein, nett som det vi må tru faren gjorde i 1916. På veg mot Grøntua på Stolmen, liksom på baksida av ein stein kan Odd Gunnar Sørvik syna eit stort og komplekst mønster i sida på ein kampestein, signert 1931. Der ungdomen i dag nyttar sprayboksar, har Engebø teke meiselen fat, og hogd inn det som til sjuande og sist er namnet sitt med all pomp og prakt han kunne, som ein taggar 50 år før si tid. Men det er ikkje einaste sporet han har prega utomhus, for ved pumpehuset mellom Stangeland og Kvalvåg er det eit tydeleg årstal hogd inn i bergsida, med snirklete krusedullar attpåtil. Det litle som syner på fjellsida vitnar om at det har vore mykje meir som var hogd i fjellet, men som no er viska vekk. Eit godhjarta segn seier at han ein gang vart avvist av ei jente, og at kunstverket var til ho. Kanskje likte ho ikkje det som stod der, og hogde det vekk ein sein nattestime, eller kanskje var det gravemaskinen då dei planerte vegen som råka fjellsida. Eg veit i alle høve kva eg vil tru på.

– Det vart meg fortald at ein gang han fekk folk på vitjing i Marken, fann dei han føre omnen der han fyrte med kunstverk og rammer.

Tor Magnus Stangeland var ikkje fødd før storheitstida til Holger var på hell, men fekk høyra historia frå kusina som ungdom. Sjølv har han eit måleri av far sin og tanta på slåtten, med ei eldre kvinne i bakgrunnen som er ukjend for han. Kor mange kunstverk som gjekk tapt i hendinga med elden veit ingen, og for Lars Henning Våge på Bakkasund kan måleriet han alltid har hatt lyst til å sjå gått opp i røyk denne vinterdagen.

– Far min var ein ung mann, mellom 15 og 18 kanskje, og han sat på timesvis modell for Engebø oppå ein steingard, fortalde han. Eg har berre fått måleriet skildra til meg, men eg har aldri funne ut kvar det er.

Teikningar og måleri av gardstun på Stolmen var eit ynda objekt for Holger Engebø. Foto: Utlånt av Olav Garvik.

– Eg spurte far kven han der er, ein gang som liten gut. Han er ein av våre beste kundar. Men hald deg vekke frå han, for han er ein forstyrra ung mann. Jone Skjensvold sine foreldre hadde kunsthandelen i Veiten, og lik som i dag hadde fagmiljøet tette band. Oppfattinga til kunsthandlarmiljøet i Bergen av Holger var unison. Det var ei tragedie. Han med det fantastiske talentet skulle aldri verta kjend utanfor sine krinsar. Etter å ha vore til behandling i Sogn ein periode vart han til slutt innskrive på Neevengården sykehus i Sandviken. Flaumen av kunstverk, som hadde gradvis vorte mørkare og mørkare dei nærare 20 åra han var aktiv, stogga heilt å koma, og det siste verket på Stolmen er ei teikning av si eiga mor, signert 1947. Ironisk nok er denne mest av ein karikaturisk og komisk art. Holger levde likevel i mange år etter innlegginga, og fram til 1978 då han døydde, var det broren Egon som var kurator for kunsten og heimen i Marken. Enkelte kjelder meiner at Egon nærast livnærte seg fram til 80-talet på å selja kunsten til broren, noko som må ha tyda på at det var enorme mengder kunstverk i familiebustaden. Spora endar med at Egon fekk seg kjærast på sine eldre dagar, og det var denne ukjende kvinna som til slutt arva huset i Marken, med kunst og alt.

Etter kvart som åra gjekk, fekk måleria mørkare motiv. Her eit tjern i månelys. Foto: Utlånt av Karl Sigurd Aarland.

Det finnast forstyrrande få kjelder som kan skildra Holger, ingen fotografi eg har lukkast å finna, og lite eller intet nedskrive om kunstnaren. Faren, Theodor Engebø, er truleg den same Engebø som har skrive Skjønn er du by, som er å rekna for Nystemten til Florø by, forutan eit dikt til ei samling på Torgalmenningen i Bergen på 30-talet. Men ingen kan stadfesta dette, for dei som visste det er vekke. Det same er det med mykje av Holger si historie. Eg har freista å skildra eit hus gjennom eit nøkkelhol, men vonar at om det er nokon der ute som veit meir, eller kan retta opp feil i historiane eg har vorte fortald, så tek dei kontakt. Kanskje ein gang kan Holger òg få sin plass i Norsk kunstnerleksikon.

Denne saka stod fyrst på trykk i Marsteinen 18. desember 2014.