At prosjektet no blir skrinlagt er eit hån mot ungdommen og ein stor skuffelse for dei som har vore involvert i prosessen, som no er ferdige med ungdomsskulen, og for dei som er elevar på skulen no. «Oppstart august», fekk elevane vite når dei gjekk på ferie i sommar. Der vart dei ført bak lyset.

Tilliten til politikarane i kommunen får seg nok ein knekk, noko som ikkje er godt nytt for valdeltakinga. I 2023 var det berre 43 prosent av førstegongsveljarane som tok turen til stemmelokala ifølge SSB. Kva er vitsen, dei bryr seg ikkje om oss likevel, sa ungdommar eg snakka med nyleg.

I tillegg skal me ta innover oss at Friluftsparken ikkje berre skal vera ein flott skuleplass, men og eit rekreasjonsområde for heile kommunen som skal invitere til aktivitet og trivsel for folk i alle aldrar. Her snakkar me folkehelse for alle, ikkje berre dei som er gode med ball. Ein fotballhall er òg eit godt tiltak, men timingen er feil. Her må ein halda det ein har lova. Det er mange slike spennande friluftsparkar rundt om i landet, eg synest folket i Austevoll fortener ein og! Innlegget stor fyrst som kommentar på eit innlegg på Marsteinens Facebook-sider.