Trygg og god eldreomsorg i dag og i framtida
Det er og skal vere godt å bli gamal i Austevoll. Det skal vere trygt å vite at du sjølv, eller den er du er glad i, blir tatt godt vare på når det oppstår behov for pleie og omsorg. I Austevoll har me ei god eldreomsorg, og Austevoll har blitt eit godt døme for andre kommunar når det gjeld smart nytenking og gode pleie- og omsorgstenester.