Etter lang venting på høveleg vêr for lyngbrenning fekk Selbjørn grunneigarlag gjennomført ei særs vellukka brenning sundag 21.april. Frå ei linje rett sør for det restaurerte torvhuset, frå enden av skogsvegen og sørover til Grasdal-skogen og frå vestsida av Kalvanes-skogen, oppover til Midtfjellet og ned att mot Grasdal-skogen. Eit areal på om lag 1000 daa (700 daa på kartflate).

Styret i grunneigarlaget vil retta ei stor takk til brannvesenet som gav oss dispensasjon til brenning på «overtid». Eit pliktoppfyllande og særs dugande mannskap på 20 personar, leia av John Inge Vik, gjorde ein imponerande innsats over 6-7 timar. Ved hjelp av 7-8 kraftige lauvblåsarar som grunneigarlaget rår over, hadde mannskapet heile tida full kontroll over flammane.

Det at me fekk så positiv erfaring med avbrenning av eit større lyngområde, borgar godt for vidare stell og restaurering av kystlyngheia på Selbjørn.

Skjermdump av kartutsnitt