Austevoll ungdomskule har i dag eit kjedeleg uteområdet med lite ein kan gjere på. Det er stor plass, men lite utstyr. Uteområdet er i dag meir parkeringsplass enn ein stad for ungdom å opphalde seg. Det er ingenting med uteområdet som i dag gjer oss freista til å drive aktivitet. Det einaste positive er fotballbanane for dei som liker ballidrett.

På onsdag 22. november skal formannskapet gå igjennom saka, også skal den opp i kommunestyret i desember. Då skal dei avgjere om ein skal byggja den nye uteplassen/friluftsplassen ved Austevoll Ungdomskule. Slik vi i elevrådet ved Austevoll Ungdomskule kan sjå i dei nye planane for uteområdet vil ein slik plass vere meir innbydande for elevane å vera ute. Det blir meir å gjera på i friminutta. Det vil bli mykje finare med det nye uteområdet enn den grå plattingen me har i dag. Slik teikninga viser er det både skate-plass, sitt plasser, stativ til å leika i og hengekøyer ein kan slappa av i. Me i elevrådet på Austevoll ungdomsskule gler oss veldig til meir aktivitet  i friminutta dersom denne uteplassen kjem. Det vil vera positiv fordi folk vil vera meir ute. Ungdommane vil også vera i meir aktivitet.

Andre positive verknader av eit slik uteområde er at ein vil få mindre hærverk inne på skulen fordi elevane er meir ute. Det vil også vera lettare å inkludera fleire i ein aktivitet ute når ein har noko kjekt å finna på. Slik det er i dag får ikkje me elevar vera inn i friminutta når det er godt vêr. Det vil derfor bli mykje kjekkare for oss å gå ut når me har ein fint område å vera på.

Me håper politikarane ser verdien av uteområdet, og at dei derfor stemmer for bygging! Me i elevrådet ynskjer dette veldig og har stor tru på at dette blir kjempebra både for elevar ved skulen og andre i Austevoll.

Helsing elevrådet