Helge Andre Njåstad, leiar utval for plan og byggesak, skriv at dei ynskjer å å landa ein kommuneplan som sikrar framleis god utvikling av Austevoll-samfunnet. Foto: Arkivfoto, Trond Hagenes

Kommunevalet sist haust stadfesta verkeleg at austevollingane vil ha ein JA-politikk overfor utvikling av samfunnet. Derfor er det viktig for oss å få landa ny kommuneplan som kan vera eit verktøy for å oppnå utvikling.

Kommunestyret la i siste møte planen for korleis dette arbeidet skal fullførast og har som mål å senda nytt utkast til kommuneplan på høyring i februar. Det betyr at det endå ikkje er for seint å spela inn innspel til kommunen ved utval for plan og byggesak som i januar skal jobbe med planen.

Me vil anbefala dei som ikkje har sendt inn eller som har innspel til utvalet å sende dette før utvalet har sitt arbeidsmøte 12. januar 2023. Kommuneplanen blir best når han er laga i tett og godt samspel.

Så blir prosessen vidare slik at utvalet innstiller på kva som skal leggjast på nytt offentleg ettersyn til kommunestyret. Kommunestyret er kommunen sitt øverste organ og har ansvaret for å leggje planen ut. Då blir det ein høyringsrunde der me vil få tilbakemelding på det nye planframlegget frå mellom anna fylkeskommunen og Statsforvaltaren. Så blir det forhandlingar med desse i løpet av våren og så vil kommunestyret til slutt om motsegna er blitt forhandla vekk kunne enten vedta ny kommuneplan eller sende den til departementet for avgjerd om det ikkje oppnås enighet.

Vårt mål er å lande ein kommuneplan som sikrar framleis god utvikling av Austevoll-samfunnet.