Og grunnen er denne: I Austevoll er alle øyar og samfunn viktig. Det er ein verdi for oss å halda busettinga oppe på dei minste øyane. Derfor kjemper me for betre rutetilbod, ambulansebåt og legg forhalda til rette for butikkdrift på øyane. Dette gjer me for å oppretthalda og auka folketalet og aktiviteten på øyane. Så har me JA-haldning i arealpolitikken for å gje folk som har tilknyting til øyane moglegheit til å byggja seg bustad, hytte eller rorbu. For å auke aktiviteten og grunnlaget for butikkane.
Vern gjennom bruk er ein god tanke. Eg er trygg på at Litlekalsøy vert langt betre ivaretatt gjennom bruk og utvikling framfor avfolking, nedlegging og vern. Derfor er verneidéen til Statsforvalteren ein dårleg idé. Den gode idéen er å la aktive lokalpolitikarar i samarbeid med lokale krefter få utvikla øya.
Den nye kommunalministeren Erling Sande var oppteken av distriktspolitikk på sin fyrste dag. Eg vil råda han til å stramma opp statsforvalterne sine slik at dei bruker kreftene sine på utvikling og ikkje avvikling av øysamfunn.
Austevoll sine interesser er å utvikla øyane ikkje avvikla dei.
Helge André Njåstad (FrP), leiar Plan- og bygesaksutvalet Austevoll kommune