Av Inge Halstensen

Og det er folk me treng, skal samfunnet vårt overleva. Frå nord til sør i vår langstrakte kommune surrar det hektiske tankar i hovudet på dei innovative (og dei er det mange av). Det gjeld å sikra austevollsamfunnet si framtid.

For 100 år sidan sat landnótfiskarane kring Møkstrafjorden. Kvar gard hadde sitt landnótbruk, med båtar og nøter, som brukarane åtte i fellesskap.

I Kolbeinsvik rådde Halvor Olai Larsen Møgster. Møgstrane i Kolbeinsvik vart etter kvart dei kvassaste sildefiskarane i landet. På selbjørnssida fann me Endre Drivenes, Ole Olsen Fagerbakke (båt, bruk og sildesalteri), Ole Kalvenes Fagerbakke (fyrstemann på havet med «Selbjørnsfjord») og Ivar Fagerbakke.

I Kalvaneset ser me enno svære kaiar og naust som vitnar om stor velstand. Her var det mange dugande fiskarar tidleg på 1900-talet. Den mest ruvande, fysisk og sosialt, var nok Nils Olai Kalvenes (Marte-‘laien). Naboane var minst like smarte, t.d. Kristoffer Olai Kalvenes (‘Laien i Bakkjen) og brørne Paul Kalvenes og Salamon Kalvenes (den kloke ordføraren), Jakob og Olav Jakobsen, Karl og Hans Karin Kalvenes (Kobbaneset). Jan og Georg Kalvenes dreiv med båt og bruk og tønnefabrikk, heilt  innpå '50-talet.

I Veivågen og på Rabben dreiv Edvard Veivåg, Ole Bertin Rabben og Lars Olai Rabben. I Djupavågen sat kanskje den mest sagnomsuste landnótbasen Nils K. Djupevåg, og i Tøkje fann me endå ein sildehovding, Jakob Jakobsen Tøkje, far til Ragnvald'n. Av minst same kaliber var Lars Olsen Stenevik (Lykkelarsen) og Knut Ingebrigtsen Stenevik, saman med Knut Eriksen Hille (Tøkje). Ole Olsen Salthella hadde òg båt og bruk, samstundes som industrien kom til Austevoll då Rieber henta ut marmor på Salthelle-garden.

På Stolmen vart det eit hundreårig sjøslag etter brugda (1750-1850), men dei beste pengane tente driftige stolmarar på drivgarnfiske etter sild på Island, t.d. Ragnvald Stangeland. Hevrøyman’ hadde sine skipperar og basar, og møkstringane spesialiserte seg på losing. Det var Møkster som gav namnet til soknet og til fjorden, og det var ei kvinne frå Møkster som synte heile verda kva som budde i austevollingane då Abelone nekta å bøya seg for nazistane, fyrst heime under tortur på Møkster, deretter i konsentrasjonsleiren Ravensbrück, seinare i utryddingsleiren Mathausen i Austerrike. Møkstrakvinna overlevde alt, mot alle odds.

Eg kunne ha skrive ei heil bok om desse slitarane, men her er ikkje plass til alt og alle i denne artikkelen. Dei tente pengar på kvar sitt vis, folket kring Møkstrafjorden, mykje pengar av og til, ofte med livet som innsats. No er dette historie. Dei mange som levde av silda, er blitt adskillig færre. Men Møkstrafjorden sine barn er framleis kreative. Det ligg i blodet deira. Lat oss henta dei fram.

Frå Kolbeinsvik via Bekkjarvik og vestover til Salthella, Stolmen, Litlakalsøy og Møkster finn me eit blomstrande næringsliv, om lag 70 bedrifter, små og store, med kring 750 fast tilsette medarbeidarar. Dette betyr eit skatteproveny til Austevoll kommune på vel 100 mill. kroner. Og NB – eg har ikkje tald med fiskarane!  Mange er innfødde, men ikkje få er komne ut til oss, frå det norske fastlandet og jamvel frå det fjerne utland, slår seg til ro, kjøper eller byggjer seg hus, blir til austevollingar. Gud signe dei.

Desse tiltaka, deira grunnleggjarar og medarbeidarar, har ikkje tid eller kultur for store og høge rop om seg sjølve og sine prestasjonar. Men dei jobbar på, seint og tidleg, slik eg har fortalt om forfedrane og -mødrene deira. Dei ropar heller etter folk, for dei veks den sunne vokster, roleg og fint, og byggjer stein på stein. Mellom desse som treng meir folk snarast, finn me t.d. Pelagia Hordafor-bedriftene på Rabben og Salthella, ShoreConnection, Bekkjarvik Gjestgiveri.

Eg prøver å få med  alle i dette oversynet, frå dei som har mange i sitt brød til dei som har jobb pluss ein draum og derfor jobbar om kvelden eller natta. Men det er faktisk umogleg å fanga inn heile denne ustyrlege kreativitetsflokken.

I Møkstrafjord-clusteret finn du i alle fall følgjande tiltak:

Austevoll Elektro A/S                                                                                                                                                                                                                                                                                                                   Fluctus A/S                                                                                 Planera A/S Rørleggerfirma Hanøy A/S Stegen Støyp A/S                                                             Pelagia Hordafor Rabben A/S   Austevoll Auto og Tide buss                                          Pelagia Hordafor Salthella A/S Huftarøy Auto                                                                  HM Marine A/S Blænesbygg A/S                                                              Hardsjø Marine A/S Sjøentreprenør/tareforedling Austevoll Kraftlag A/S + 5 døtre                                   K.Halstensen A/S og Bekkjarvik Torg : Dalseide Shipping Services A/S                                        Austevoll Blomster og Interiør, Vikki,  Rustibus World Wide A/S                                                  Smakeriet Burgerbar, Mørenot, Olsen Management A/S                                                    Nille, Austevoll Apotek, Fedøy Elektro,                                                     Shoreconnection  International A/S                                Bekkjarvik Sport og Fritid, Fedøy Elektro A/S                                                               Austevoll Møbel og Interiør,  Selbjørn Fysikalske Institutt                                              Vinmonopolet, Livsstilsenteret, Lines Frisør                                                                           SPAR, SE Arkitektur, Austevoll folkebibliotek, Ed Maskin A/S (Even Drivenes)                                         Austevoll Hud, Spa og Fotklinikk,  Bekkjarvik Gjestgiveri Hotell & Suites A/S                      Torgets Frisør, Austevoll Optikk, Beckerwyc House                                                               Austevollklinikken, Falck, Galleri Bekkjarvik (Ella Fagerbakke)                                 Bekkjarvik Gjestgiveri (hotellrom, galleri,selskap) Sjøtroll Havbruk A/S                                                       Stangeland gård Hardhaus A/S                                                                   Årland handel  Ringasund A/S (Frode Møgster)                                    Årland Bygg og Eiendom Djupevåg Bygg A/S                                                          Jacob Tøkje/Mølno Djupevåg Maskin                                                             Kalsøy Landhandel  Kato Hammervold                                                            Kalsøyfisk Radek A/S                                                                          P/R Jari                                                                          Solveig Kalvenes                                                               Bernt Ivar Berntsen  Austevoll Hestesenter/Austevoll Rideklubb                Nils Johannes Johannessen Jan Thomsen A/S slangeservice                                     Langøy Laks                                                              Drønen Drift                                                                      Arne Møgster Egersund Rabben A/S                                                      Møkster Butikk  Rabben Båtservice A/S (Kr. Haveland)                          Havnesjefen Møkster Restaurant  Austevoll Multiservice A/S                                              Svein Møkster    Knester A/S, Rabbholmen Eiendom A/S                       Møkster Sau  Defloat A/S                                                                        Arild Sunde Marine Control A/S og P/R Mikla    Mørenot Fishery A/S (Hampidjan Group) Kolbeinsvik Montessoriskule Bekkjarvik Maritime Fus Barnehage A/S  Dalseide Elektro A/S Garfrend A/S

No treng me eit liknande oversyn over Bakkasund-Hundvåkøy-Storebø regionen, slik at fedrelandet (t.d. Statsforvaltaren og Vestland fylke) kan forstå kvifor Austevoll-samfunnet pressar så på. Saman må me alltid stå fram og fortelja styresmaktene våre kvifor me yter meir enn dei fleste primærkommunane til skatteutjamning for dei trengjande (60 millionar i året). Det veit eg  Marsteinen (oppkjøpt, men framleis lokal) kan gjera på ein fin måte.