Marsteinen førre veke var full av debatt om kommunen sitt budsjett for 2024. Det er kjempeflott at dette engasjerer og skaper diskusjon i avisa og i sosiale medier. Det er hensikten med at kommunelova krev at formannskapet skal lage budsjettframlegg og la dette ligge ute til debatt før kommunestyret som kommunen sitt øverste organ 12. desember vedtar budsjettet. Felles for dei fleste som har engasjert seg er at dei ynskjer å bruke kommunen sine pengar til eit eller anna.

Då tenker eg det er greitt og med eit innlegg om at det og er viktig å ha kontroll på økonomien. Denne hausten har me vært for dårleg å informere om kommunen sin økonomiske situasjon så eg skal prøve å koma med informasjon.

Kommunen si gjeld har aldri vore høgare. Ved sist årsskifte var gjelda 643,2 mill. Som vanlege folk må ein kommune sette tæring etter næring. Brukar ein for mykje og set kommuneøkonomien over styr betyr det ROBEK som betyr at staten må godkjenne alle låneopptak og på ein måte har kommunen under administrasjon.

Det er fleire grunnar enn den høge gjelda som gjer at politikarane må vera ansvarleg med økonomien. Staten har varsla ein endring av inntektsystemet og signala frå Sp / Ap regjeringen er at skatterike kommunar som Austevoll skal bidra med endå meir til skattesvake kommunar. Det betyr at Austevoll kan neste vår få eit vedtak i Stortinget som betyr strammare kommuneøkonomi.

Rådmannen varslar i sitt budsjett at kommunen må redusere drifta med 15 mill frå 2025. Det er mange stillingar og det vil merkast. All fokus og debatt om investeringane har gjort at dette har gått under raderen i debatten, men utfordringane forsvinn ikkje av den grunn. Nytt inntektsystem kjem itillegg til dette.

Derfor er bakteppet for det nye kommunestyret krevjande og det er vanskelegare å lage budsjett ein dei seinaste åra.

Debatten gjennom sist Marsteinen krever nokre kommentarar:

· Det er feil å påstå at Formannskapet veljer storhall framfor uteområde for elevane slik det blir framstilt. Storhallen er flytta eit år bak i køen og står i økonomiplanen eit år seinare enn den gjorde i fjor. Det er mange brikker som skal på plass før eit prosjekt går frå ein intensjon i ein økonomiplan til at pengane blir løyvd. Då skal spleiselaget vera på plass. Kommunen må ha lagt ein reguleringsplan for området og ikkje minst må kommuneøkonomien på det tidspunktet tole bidraget. Det har ikkje Formannskapet lagt opp til i 2024 og då er det galt å framstille det som at det er flytta pengar frå uteområdet til fotballen.

· 200 mill til Storebø skule blir framstilt som lite. Til det er det å bemerke at og 200 mill er ein gedigen investering i kommunen sin målestokk. Ingen andre kommunale bygg har fått så mykje investeringsmidlar som Storebø skule. Men kanskje må ein tenkje nytt i anbudsprosessen og bygge meir enn man river?

· For kvar 10 million kommunen investerer for koster det 1 mill kvart år i renter og avdrag. Det betyr at auker man investering i skule med 100 mill så koster det drifta tilsvarande 10 lærarstillingar eller sjukepleiestillingar. Me må ha fokus på å ha økonomi til å drive tenestene og.

Folk flest opplever krevande økonomisk situasjon om dagen med aukande strømutgifter, renter som stiger og ein situasjon der drivstoff og mat er dyrt. Kommunen har det på same måte. Då må ein sette tæring etter næring – vera ansvarleg. Og for oss er det ikkje aktuelt å auke belastningen for vanlege folk med eigedomsskatt eller dramatisk auke i gebyr.

Debatt om kommuneøkonomi er bra og ynskjeleg. Me lytter og utviklar Austevoll saman med våre samarbeidsparti og austevollingar. Men økonomisk ansvarleghet skal ligga i botn.