I ny opplæringslov som skal tre i kraft 01.08.24 står det i § 10-1: Det beste for eleven Ved handlingar og avgjerder som vedkjem elevar, skal kva som er best for eleven, vere eit grunnleggjande omsyn.  Videre omtaler § 12-2 Retten til eit trygt og godt skolemiljø: Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Dette er berre to av paragrafane i eit av dei mange lovverk vi som jobbar i skulen skal og er lovpålagt å følge. To lovpålagte oppgåver som alltid bør komme først, tryggleik og godt læringsmiljø for alle. Vi i skulen har elevane til låns, og vi har eit ubetinga omsorgsansvar sidan det er skuleplikt i Noreg og at elevar som hovudregel ikkje kan velgje seg vekk. For at vi skal klare dette, er vi avhengig av ein skulepolitikk som legg rammer og ressursar til rette. Det krevst handlingsrom og prioritet og skuleeigars ansvar handlar om å halde seg til realitetane i skulen, slik desse blir beskriven.

Tida elevane har friminutt utgjer meir enn eitt årsverk ila grunnskuletida. Ein betydeleg tid som elevane skal vere ute i løpet av ein skuledag. I dag er det ikkje rom for så mykje anna enn ulike former for ballaktivitet på skuleplassen. Det er to bordtennisbord, og to basketkorger samt fotballbanen. Dette inviterer ikkje til sosial aktivitet og samhandling med vener. Ein stor open plass dekka av asfalt skapar ikkje trivsel. Det er lett å stikke seg ut, ein er veldig synleg, noko dagens elevar, samt dei som har vore med i arbeidet med friluftsparken, seier dei ikkje ynskjer. Dei vil ha fleire små «rom» for ulik aktivitet. Plassar dei kan gøyme seg litt vekk, utan å måtte leike katt og mus med personalet på skolen, for å sleppe å gå ut å stille seg opp på ein asfaltplass.

Norges miljø – og biovitenskaplege universitet (NMBU) publiserte i 2019 ein rapport på oppdrag frå Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet der formålet var å komme med anbefalinger om korleis sikre kvalitet i utforminga av barna sine uteområde. Rapporten avdekka at gode uteområder er avgjerande for barns helse og utvikling. Rapporten viser også at variasjon er nøkkelen for å skape dei gode uteområda. Variasjonen elevane ved skulen møter i dag, er asfalt. Dei har rettnok tilgang til kunstgress, så dei kan velgje mellom plast og asfalt. Vidare viser studia at det er viktigare med mange og små nisjer framfor nokre få store plasser. Det vil seie at store ball-areal ikkje høyrer heime i moderne skulegårder, spesielt ikkje der det frå før er mangel på areal.

Den store parkeringsplassen mellom tannlegebygget og ungdomsskulen er i dag regulert som aktivitetsområde. Som en begrepsavklaring er uteområde definert som bruttoarealet, dvs. tomta, med fråtrekk av bygningar, sykkel – og parkeringsplassar og liknande. Uteområdet er med andre ord berre det arealet som i realiteten er tilgjengeleg bruksareal for elevane ved skulen, anslagsvis 2000 mi tillegg til idrettsanlegget. Området slik det ligg i dag, møter ikkje elevane ved Austevoll ungdomsskule sine behov for fysisk aktivitet, leik og utfolding. Dette er alvorleg, fordi skulens uteområde er arena der ein når alle elevane, som kan bidra til å utjamne sosial ulikskap og helse.

Det finst eit viktig nasjonalt lovverk, som av nokon er kalla barnas arbeidsmiljølov. Det er etter denne forskrifta kommunen skal godkjenne slike anlegg. (Forskrift om helse og miljø i barnehagar, skular og SFO) Miljøet skal blant anna fremme helse, tryggleik og gode sosiale -og miljømessige forhold. I denne ligg det og inne krav til tilfredsstillande lysforhold. I dag er det ingen belysning av uteområdet til skulen. Vi er avhengig av at lysa på idrettsbanen blir slått på tidleg nok, slik at ein kan komme seg trygt over plassen om morgon og kveld. I påvente av Friluftsparken har ein ikkje gjort noko med dette problemet. Det skal også takast omsyn til risikoforhold som trafikk. Dagleg må tilsette ut for å sette opp sperrer, for å skille elevane og trafikken inn på området, det være seg kundar til tannklinikken, varetransport og ikkje minst alle føresette som køyrer sine ungdommar til og frå skulen. Dette er til hinder for aktivt å ta denne delen av utearealet i bruk, utan at det blir gjort noko permanent med området. Det er kommunen som eig skulen og som har ansvar for at krava i forskrifta blir oppfylt. Det betyr også å ha tilgjengeleg dei ressursane som er naudsynt for at krava skal kunne oppfyllast. (Ny forskrift for miljø og helse i barnehager og skoler 2023 - KS)

Helsedirektoratet har i samarbeid med arbeidstilsynet, utdanningsdirektoratet og forum for miljø og helse, laga ein rettleiar til forskrifta. Denne skal mellom anna sikre at omsynet til elevane blir ivaretekne ved planlegging av nye eller ved vesentlege endringar av eksisterande uteområder.

 Det skal være rom for ulike typar sosial -og trivselsfremmande aktiviteter, og uteareala skal:

·       gje rom for utøving av allsidig fysisk aktivitet

·       gje rom for ulike typar sosial aktivitet

·       gje tryggleik og være trivselsfremmande

·       gje rom for endringar av det fysiske miljøet

·       gje rom for å knytte til seg ny kunnskap og utøve verkelegheitsnær læring

·       gje rom for spenning og uforutsigbarhet og skape lokal identitet

·       universell utforming

Eit meir aktivitetsvennleg skulemiljø må til av omsyn til elevane si trong til utfoldelse, fysiske aktivitet og moglegheit til berre å ha ein plass å være saman. Noko som er hovudmålet i handlingsplanen for fysisk aktivitet 2023-2029 (Departementenes handlingsplan (regjeringen.no)) Uteområder skal dekke behov for aktivitet og kvile. Ansvar for å legge til rette for dette ligg til skuleeigar. Fysisk aktivitet er viktig, ikkje berre i eit helseperspektiv, men også sett frå eit utdanningsperspektiv. Fysisk aktivitet medan elevane er på skulen, har ein klar effekt på elevane si fysiske og psykiske helse. Forsking viser og at det gjev positiv effekt på kognitive evner og skuleprestasjonar. Eit variert aktivitetstilbod gjer det mogeleg å utvikle både fin – og grovmotorikk (Fysisk aktivitet for barn og unge i skolealder - Helsenorge) og skulen som arena kor barn og unge bruker mykje tid, bør legge til rette for dette. Ingen er like, heller ikkje elevane våre. Difor er det viktig at vi syt for at aktivitetstilbodet er variert og utfordrande, med mogelegheit for å tilpasse til den enkelte elevs behov. Det er også ein viktig del av elevdemokratiet, at elevane sjølve får vera med på å bestemme og planlegge aktivitetane. Det er viktig er at barn og unge får tilstrekkeleg tid til fysisk aktivitet gjennom skuledagen, og gjerne saman med andre. Skjermbruk er en del av kvardagen og er med på å bidra til lågare aktivitetsnivå dess eldre elevane blir. For barn og unge si helse, er uteområdet vel så viktig som inneklima, både i skulekvardagen og på fritida. Samstundes skal uteområdet vera tilgjengeleg for nærmiljøet utanfor skuletid.

Alt dette er omsyn som blir ivaretatt i Friluftsparken, og at vi igjen må grunngje kvifor vi treng eit nytt uteområde er forkasteleg. Elevar og tilsette har saman med ekspertar jobba i fire år med å lande eit fantastisk uteområde. Dette vel politikarane våre å skyte ei kvit pil etter. Det at vi blir tilgodesett med 2 millionar inkl.mva, føles berre som eit hån mot tidlegare og framtidige elevar, alle tilsette ved skulen, og alle andre som har brukt si tid og kompetanse på prosjektet. Lokale politikarar har tatt avgjersla på å ikkje transformere skulegarden til eit aktivitetsområde og møteplass på bekosting av barn og unge interesser i denne saka.