Ordskiftet har dei siste åra vorte krassare. Dei negative kommentarane er styggare og meir omsynslause og trugslane om vald og drap vart heilt tydeleg reelle 24. juni i fjor, då to menneske vart drepne og minst 21 skadde i det vår eigen justisminister vegrar å kalla eit terrorangrep på den skeive bevegelsen i Noreg. Fleire skeive rapporterer at dei opplever reell frykt i samband med å vera opne, frykt for at det ikkje er trygt å feira rettane skeive har fått så langt, og frykt for å markera at det framleis er ein veg å gå. Tilliten til at politiet tek hatkriminalitet på alvor er låg, samtidig som debatten pågår om kor vidt politiet skal ha ansvaret for tryggleiken på dei ulike pride-arrangementa rundt om i landet, fordi nokre meiner pride er «kulturarrangement» meir en ein politisk og demokratisk rett til å demonstrera for like rettar.

Homofile sine rettar i Noreg er generelt gode, på papiret. Ein kan gifta seg, få barn ved hjelp av det offentlege tilbodet Noreg har å tilby lesbiske par og single. Likevel ser me ei tydelig endring i haldningar frå enkelte miljø, og spesielt i trans-spørsmåla. Debattane og ordskiftet er meir polariserte, pride-flagg fleire stader vert brende og det vert framsett trugslar av alvorleg karakter oftare enn før. Fram til hendingane ved London Pub i fjor var det mest ei kjensle av at enkelte tok det vel langt i kommentarfelta. Men brått vart det frykteleg konkret. Dette er den mest dramatiske og alvorlege trugsmålet. Av dei litt mindre farlege, men framleis kompliserte problemstillingane, finn ein dei som er redde for å halda kjærasten i handa på gata, eller berre vera seg sjølv, i frykt for ukvemsord og bank. Homofile og transpersonar som, når dei byter jobb, må ta eit aktivt val om dei skal vera opne. Vil det få konsekvensar? Vil kollegaer vera aksepterande eller fordømmande? Barnehagar og skular opererer nesten konsekvent med mamma og pappa-omgrepet som utgangspunkt, der borna er dei som må korrigera og belysa at ein familie kan avvika frå den heteronormative. Nav opererer framleis med omgrep som «farskapspermisjon», offentlege skjema er tilrettelagde «mor og far» og «mann og kvinne» enda omgrepet medmor vart innført i 2009 samstundes med kjønnsnøytral ekteskapslov. Det kan virka som bagatellar – men det er klåre eksempel som det er lett å ta tak i, men som gjenstår fordi handlingsarbeid tek tid når motivasjonen for endring er låg.

Den årlege rangeringa Rainbow Map & Index gjort av ILGA-Europe viser faktisk at Noreg fell frå 4. til 9.plass i likestillingsspørsmålet rundt lovgivning og kulturell aksept av dei ulike lgbt+ identitetane. Årsaka til nedgangen vert hovudsakeleg forklart ved at Noreg har stagnert på lovgjevning og ivaretaking av desse gruppene, mens andre land har aktivt initiert- og hatt progresjon. Bufdir si oppsummering av levekårsundersøkingar viser at delen av lesbiske, homofile og bifile med dårleg psykisk helse er betydeleg større enn blant heterofile, og skeive har gjennomgåande lågare livskvalitet enn befolkningssnittet.

Det har gått feil veg, eller i alle høve stått stille med lgbt+-rettane i Noreg dei siste åra. Foto: Somsak Siripatcharathorn / Getty Images

Pride tek primært for seg rettar knytt til kjøn og seksuell orientering, men regnbogeflagget representerer likeverd for alle. Det betyr at dei som meiner at ekteskap mellom to av same kjønn er feil, kan få ha rett – i at det er feil for dei. Men ikkje på generelt grunnlag. Det er subjektive betraktningar som er ekskluderande og homofobiske. Det finst ingen indikasjonar på at heteronormative ekteskap, eller heterofile elles, har teke skade av - eller fått redusert verdi etter den kjønnsnøytrale ekteskapslova. Og ingen cis-personar (person som identifiserer seg med det biologiske kjønnet dei fekk tildelt ved fødselen) har vorte fråteke rettar eller privilegium, som følge av at trans- og ikkje-binære personar har fått hjelp til eksempelvis kjønnsbekreftande behandling. Dei som ikkje veit korleis det er å ikkje vera cis, må vera svært varsam med å meina noko om kva som er rett og gale for denne gruppa. Å synest at det er rart og vanskeleg er greitt. Å seie at det er ekkelt eller feil, er transfobisk.

At nokon vil nekta andre dei same rettane som ein sjølv har, til tross for at det ikkje utgjer ein trugsel er urettferdigheit per definisjon. Og ein ting må vera sikkert: 99 prosent likestilt og trygg er det same som 100 prosent ikkje. Tenk litt på den.

Difor er det vår plikt som medmenneske å tenkjae litt ekstra over korleis me ordlegg oss i tida som kjem. Engasjement og debatt er bra, men meiningar ytra kan vera øydeleggande for nokon sitt syn på seg sjølv.

Å være menneske er å være annerledes. Ingen er som alle andre! At alle mennesker er like mye verd, betyr at du og jeg skal utvise aktelse for hva jeg liker å kalle ulikhetens likeverd.

-Kim Friele