Sundag vartar friidretten opp med stor familiefest på Austevoll Idrettsanlegg. Her er ALLE velkomne. Ein treng ikkje å gå på friidrett for å vera med. Fotball- og badmintonspelarar, symjarar, joggarar, mosjonistar og andre kan alle delta. Berre å finna dei øvingane ein har lyst å vera med på.

Sjå annonse i papiravisa eller på Austevoll idrettsklubb sine sider.

Sundag vartar friidretten opp med stor familiefest på Austevoll Idrettsanlegg. Her er ALLE velkomne. Ein treng ikkje å gå på friidrett for å vera med. Fotball- og badmintonspelarar, symjarar, joggarar, mosjonistar og andre kan alle delta. Berre å finna dei øvingane ein har lyst å vera med på.

Sjå annonse i papiravisa eller på Austevoll idrettsklubb sine sider.

Fyrst er det dei minste det gjeld.

Dei aller minste opp til og med 5 år (2019) får springa 40-meter.

Rekruttklassane 6, 7, 8 og 9 år får delta på tre øvingar. Seks og sju år startar med liten ball og byter så med åtte og ni år som har vore i lengdegropa. Når dei er ferdige med tekniske øvingar spring dei 40m.

Alle nemnde over får deltakarpremie når dei går i mål etter 40m.

Etterpå start dei andre klassane. Fyrst ut er 60-meter og kule for parautøvarar, deretter køyrer me på med  60-meter for 10 – 14 år, og tekniske øvingar for desse og oppover. Etter kvart vert det 100-meter, 200-meter og til slutt dei lengre distansane 800-meter og 5000-meter.

Tidsskjema vert lagt ut på klubben sine sider og elles rundt i media seinast den 18. mai.

Ein møter til opprop ved si øving 10 minutt før ho startar.

Fristen for påmelding på isonen var 15.mai. Denne er no stengd. Sidan me skal feira 17.mai fredag er me ekstra rause og gjer dei som ikkje har fått meldt seg på høve til å gjera dette til og med den 18. mai kl 18.00.

Når det gjeld dei aller minste opp til og med ni år (f. 2015) er det fint om dei òg melder seg på innan same fristen. Me gjer likevel eit unnatak for dei. Dei kan melda seg på same dagen til kl. 10.30. Tida etter det treng me til å få alt inn i systemet slik at me klarer å halda tidsskjema.

Fin Premiering!

Alle til og med tolv år får deltakarmedalje. I klassane jenter – gutar 11 – 12 år får dei tre beste og vanleg medalje. Elles er det som vanleg 1/3 premiering i dei andre klassane.

Fint vær er bestilt som vanleg

Det er meldt 18 grader og stort sett strålande sol. I kiosken ligg det mange godsaker og ventar.

Me satsar på at dette blir ein fin og interessant dag for heile familien, der idrettsglede, meistring og kameratskap står i sentrum. Hjarteleg velkomne!