Av Bjarte V. Notnæs

Lat oss sjå på kva dei har: Fire fullverdige fotballbaner med kunstgras. Får opplyst at det er under 1 000 som spelar fotball. I Fana er det ein fotballtrenar som har ansvaret for 2 500. Han har ein og ein halv fotballbane til disposisjon. Hjå oss er det i tillegg fleire ballbingar rundt om. Det er ein stor idrettshall på Selbjørn og på Eidsbøen. Idretten får òg bruka andre lokale når dei treng det, som til dømes samfunnshuset på Hundvåkøy. Men når idretten seier hopp, så hopper alle politikarar.

Kor er det vorte av engasjementet for til dømes eit kyrkjelydsbygg som alle kristne forsamlingar kan gjera nytta av?. Dette har vore etterspurd i om lag 30 år. Det kristne arbeidet har ikkje tenlege lokale til til dømes Alpha-kurs. Og kva med kulturbygg til andre aktivitetar enn idrett?

Leiaren i INP skriv at dei må sjå på den økonomiske stoda for kommunen. Difor er det rett å strama inn. Kor tek dei så pengane frå? Frå idretten som har meir enn nok tumleplass? Nei. I staden for seier dei at dei som har i overmål må få meir. Tek frå alle dei kommunestyret har ei plikt og eit overordna ansvar for å leggja tilhøva til rette for. Synsar om at skular som har for lite areal til å kunna gje eit godt nok og meiningsfullt tilbod til det mangfaldet av utfordringar som er i ein stor elevflokk, som ikkje kan springa etter ein ball, eller kan gå i trapper, får klara seg med det dei har. Dei som fell utanfor idretten, men likevel er ein del av framtida i kommunen, og skal med sin nyvunne kunnskap bygga nye, og trygga noverande arbeidsplassar, for komande generasjonar. Det er her midlane må setjast inn. Men formannskapet finn altså ut at dei som har for lite kan klara seg med mindre. Kor har de henta den kunnskapen frå når dei ansvarleg seier at det er skore så langt ned som det er forsvarleg? Frå eg meiner at?

Det er ein regel som seier at «Det er aldri for seint å snu». Vonar kommunestyret ser at det er rett.