Av Even Anders Haugland - Gruppeleiar Austevoll INP

At det i den samanheng blir lagt fram påstandar om at me heller føretrekkjer storhall framfor friluftspark vert feil. Ja, storhallen ligg inne i ein økonomiplan for 2027 som eit potensielt investeringsprosjekt, men denne kan heller ikkje prioriterast no.

Me skriv også i budsjettforslaget vårt at me vil få til ein langsiktig og heilhetlig plan for Eidsbøen-området, kor me set i gong ein planprosess kor blant anna parkering, vegtilkomst, storhall og andre tiltak vil verta inkludert. Her burde me kanskje presisert nærare kva me tenkjer, då i ein slik plan så vil også ei utviding av det uteområdet på ungdomsskulen som me no set av kroner to millionar verta vurdert teke med.

Det er usikkerheit i kommuneøkonomien som gjer at me har prioritert slik me har gjort, lågare framtidig skatteinngong og inntektsutjamning i kombinasjon med store nødvendige investeringar med høg lånefinansiering er noko me må ta inn over oss. Storebø skule vert eit stort løft for kommunen, men med ei investering på kr 200 millioner i dette prosjektet, er kommunen heilt på terskelen av det me kan handtere av renter og avdrag.

Attpåtil så er Austevollpakken eit anna investeringsprosjekt som kjem til å ta mykje av handlingsrommet i investeringsrammene våre i 2025 og 2026, då ser me oss ikkje råd til å sette av nærare 25 millioner kroner på friluftspark, ny vegtilkomst og parkering. Me har tatt innover oss ny informasjon og nye økonomiske forutsetningar og valgt å dra i naudbremsen, vel seint vil mange påstå, inkludert meg sjølv. Vend i tide, det er aldri ein skam å snu er eit godt ordtak som også kan nyttast i fleire samanheng enn kun fjellturar.