Dei av dei unge som var med å påverka i høve til friluftsparken er no gått ut av ungdomsskulen. For dette arbeidet starta for fire år sidan. Men det er ingen tvil om at uteområdet ved ungdomskulen treng sårt ei oppgradering.

Forutanom idrettsanlegget er det basketball-korg og bordtennisbord ­– elles er det betong, asfalt, grus, stein og nokre sporadiske flekkar med grønt. Mykje trist og lite stimulerande.

Ungdommen som ikkje sparkar fotball har, som dei sjølv seier ingenting å gjera på. Dei vil ikkje ut, dei vil heller vera inne … kvifor det?

Det er jo ikkje så rart, når uteområdet er så trist som det er. At ungdommen er inne skapar mykje støy. Det vert trongt om sitteplassane, det skaper uro og konfliktar, noko som i ale høve ikkje hjelper på støyen. Ungdommen keiar seg fordi det ikkje er noko å finna på. Dette gjer til at ungdommen blir kreativ, gjerne på ein destruktiv måte. Som igjen bidrar til auka konfliktar, terging, utestenging, mobbing, knuffing, vald og hærverk. Miljøet på skulen slik det er no er ikkje bra, verken for elevar eller tilsette. Elevane har etter lova rett på eit godt og trygt arbeidsmiljø på skulen. Det same har dei tilsette. Me har eit moderne, flott skulebygg med mykje innhald, men uteområdet er nitrist. Det står ikkje i stil til skulebygget slik det er i dag. Eit oppgradert, innbydande og stimulerande uteområde vil hjelpe på skule/arbeidsmiljø for både elever og tilsette.

Det er dei unge som er framtida vår, det er dei som ein gang skal ta over stafettpinnen. Om me vil at dei skal ta vare på oss, må me ta vare på dei. Skal dei veksa opp og bli resurssterke, pålitelege og gode medmenneske, må foreldre, lærarar og politikarar leggja forholda til rette. Akkurat no er det opp til politikarane som er valde av foreldre, lærarar og unge som har trudd på lovnadene, om at dei unge er viktig og skal vera i fokus. At dei folkevalde skal legge forholda til rette for god fysisk og psykisk helse blant dei unge.

Ordføraren tok seg tid til å møte tre av oss i FAU på mandagen. Det blei på mange måtar eit oppklarande møte. Friluftsparken blir tatt opp på grunn av budsjettforhandlingar.

Prosjekt friluftspark/uteområdet er kome dit hen at det har overskride kostnadsrammene med svimlande summer. Me alle veit at det har vert ein svimlande prisauke over heile lina i det siste. Det me og veit er at tid er pengar… Når det gjeld gjennomføring av slike prosjekt er det fleire forhold som spelar inn. Kostnad er ein av dei, summen av alle prosjekt er ein til, så har man oppfølging og vedlikehald som kjem som ein tilleggspost, så har ein tredjepartar i dette tilfellet AIK som er interessert i å ivareta sine interesser og investeringar.

Ordføraren var tydeleg på at ho ynskjer eit betre og meir stimulerande uteområde for ungdommen vår. Men at dei gjerne må sjå på andre løysingar enn parken slik han er førespegla då han vert for dyr. Ho kan ikkje lova at den blir gjennomført slik som prosjektskissa viser men ho vil jobba hardt for at ungdommen skal få ein oppgradering av uteområdet.

Så då gjenstår det å sjå kva dei kjem fram til i formannskapet på onsdag.