Av Renate Møgster Klepsvik, varaordførar

Det er viktig å ta realitetane innover seg: I same budsjettframlegg som rådmannen tilrår investeringar som inkluderer både Storebø skule og friluftspark ved ungdomsskulen på langt over 300 millionar, skriv han i tekstframlegget at kommunen må førebu seg på store kutt i driftsbudsjettet, på 15 millionar kvart år frå 2025. 15 millionar på drift er mykje pengar, og vil innebera dramatiske kutt i tenestene våre.  I dette er ikkje det nye inntektssystemet for kommunane teke med, og sidan det slår dårleg ut for Austevoll kommune, vil truleg naudsynte kutt bli endå større.

Driftsbudsjettet er kort fortald dei løypande utgiftene kommunen har til drift. Det vil seia straum, renter og avdrag på lån, og ikkje minst lønskostnader til tilsette. Straumprisane er det lite me kan gjera med, utover å spara på lyset og skru ned temperaturen i kommunale bygg. Skal me kutta 15 mill i lønn, vil det bety at rundt 20 stillingar står i fare. Ettersom oppvekst, skule, helse og omsorg er dei store postane i eit kommunalt budsjett, vil ein risikera dramatiske innstramingar på tilsette i desse sektorane. Dette slepp me truleg ikkje unna uansett, men me kan gjera nokre grep for å minska konsekvensane på dette området. Difor ynskjer me å ta opp litt mindre lån, men samtidig sikra at me får renovert Storebø skule som planlagt.

Storebø skule skal kosta 200 millionar kroner. Det er mykje mindre enn kalkylene til HRP. Foto: Render av HRP basert på Holon sine teikningar.

Så til Storebø skule: Det er slett ikkje slik at «politikarane set strek over planane». Tvert om ligg skulen inne med ei investering på 200 millionar, som er det største enkeltinvesteringa kommunen nokon gong har gjort. Det er heller ikkje slik at ein legg opp til at planane no må strammast inn eller reduserast. Tvert om vert det lagt opp til anbod med totalentreprise med dagens teikningar frå Holon som utgangspunkt. I vedtaket skriv me: «Fleirtalspartia ber om at kommunedirektøren tar ein gjennomgang over kva utbetringar som er heilt nødvendig i anbodet og kva utbetringar ein bør ha som ein opsjon. Eksisterande arkitektteikningar frå Holon vert lagt til grunn for entreprenørar, men andre løysingar kan også vurderast».

Med opsjon på til dømes idrettshallen, betyr det at resten av skulen kan byggjast som planlagt no, samtidig som me får ein pris å forhalda oss til den dagen kommuneøkonomien gjev klarsignal for at resten kan byggjast ut. Ein kan òg leggja inn krav til utbetringar på dei delane av skulen som ikkje vert rive og bygd nytt i denne omgang. Løysingane er mange, og kommunestyret stiller seg her open til både Holon og andre løysingar som måtte koma, så lenge det er innafor budsjett og tilfredsstiller krava frå skulen. Så her er det opp til kommunedirektøren, i tett samarbeid med skulen, å prioritera korleis dette skal gjennomførast på best mogleg måte. Eg kjenner meg trygg på at dei vil leggja fram gode prioriteringar på kva som må takast no, og kva me kan få opsjon på til seinare investering, og at me vil få ein flott skule for 200 millionar.