Av leiinga Storebø skule I budsjettforslaget til Høgre, Frp, INP og KrF reduserer partia skuleutbygginga ved Storebø skule med nærare 80 millionar kronar. Dei legg seg på 200 millionar inkl. mva, som i realiteten betyr eit bygg til rundt 160 millionar eks. mva, mot kommunedirektøren sitt forslag på 238 millionar eks. mva. I praksis vil det seia at ein må kutta med 1300-1500 kvm, noko som svarer til nærare 1/3 av planlagt nybygg. Me fryktar konsekvensane for elevane våre. Vel politikarane å byggja ein to-parallell skule med opp mot 30 elevar i kvar klasse? Eller skal ein byggja stort nok til å kunna prioritere mindre elevgrupper? Skal kulturskulen ivaretakast, eller må dei redusera i sitt tilbod? Skal SFO bli prioritert og få gode areal tilpassa sine behov? Mykje tid, krefter og pengar er brukt på å gjennomføra grundig behovsanalyse og gode brukarprosessar. Holon sitt alternativ dekker dei behov som kom fram i dette arbeidet.

I dag har me fire ekstra klasserom i brakkebygg. Desse klasseromma held ein mykje høgare standard enn dei fire klasseromma i paviljongen og dei fire klasseromma i gamlebygget. Gamlebygget frå 1950 har ikkje toalettfasilitetar og har dårleg luftkvalitet, og verken gamlebygget eller paviljongen er helseverngodkjent. Men sjølv med ein stor brakkerigg, er me tvungne til å ha undervisning i gangar, på behandlingsrom/toalett og i bøttekott utan vindauge. Dei få spesialromma me har i dag, er ikkje store nok. Skulekjøkenet er for lite, gymsalen er for liten, og sløyd- og tekstilrommet har for dårleg standard. Etter ny læreplan treng skulen også eit naturfagsrom og i framtida håper me å kunne prioritera plass til eit programmeringsrom/matematikkrom. Skulen vår er langt frå framtidsretta og me har utfordringar med å leggja til rette for undervisning tilpassa den nye læreplanen. Me har også problem med å leggja godt nok til rette for elevar med spesielle behov.

Slik såg arkitektane i Holon for seg Storebø skule. Foto: Illustrasjon frå arkitektselskapet Holon.

Ei stor utfordring i Austevollskulen er at ein ikkje får tak i kvalifisert undervisningspersonell, noko som får konsekvensar for elevane. Me har valt å vera praksisskule for lærarstudentar, for å visa fram Austevoll kommune og Storebø skule for framtidige lærarar. Med den plassmangelen me har i dag, vil studentane velja å søka på stilling ved Storebø skule om tre-fire år når dei er ferdig utdanna? Fristar det å sitja tre lærarar på eit tomannskontor?

Ein kan ikkje gjera noko med dei avgjersla ein har tatt i fortida, men ein må læra av dei feil ein har gjort, og sørgja for at dei ikkje vert gjentekne. Skulen vår er arbeidsplass for fleirtal av barna i Austevoll kommune kvar einaste dag i sju år, og dette må politikarane ta på alvor og setja høgast på prioriteringslista. Skulen kan ikkje bli redusert til nok eit klattverk. Ikkje bygg ein for liten skule på Storebø nok ein gong!