Det står ikkje direkte i Marsteinen sine tre artiklar 27. juli om saka, at Austevoll kraftlag bør seljast. Men slik redaktør Hagenes og eks-styreleiar Magnussen i Tysnes Kraftlag framstiller det, kan me ikkje forstå anna enn at det må bli konklusjonen. Tidlegare direktør Bergflødt og tidlegare styreleiar Iversen blir også framstilt som at dei meiner det.

Det er det faktum at nettleiga er høgare i Austevoll kraftlag sitt nettselskap Havnett enn i mange andre nettselskap som er større, som er argumentet for å selja. Havnett er for lite til å stå på eigne bein, det kostar for mykje å ha ansvar aleine for nett-infrastrukturen i ein så liten kommune. Me ville få billegare nettleige ved å selja Kraftlaget til større el-leverandørar (som Eviny/BKK i bergensområdet). Slik går argumentasjonen.

Dette er eit felt som eg ikkje kan så mykje om. Men eg har nokre tankar og erfaringar som kan vera relevante.

I reportasjen frå Tysnes står det at dei kunne ikkje halda fram drifta med sine femten tilsette og samstundes organisera seg som konsern. Etter at dei selde, står det at dei inntil nyleg hadde null tilsette. Null tilsette, det skal vel vera bra? Det trur ikkje eg.

I januar 2015 og januar og desember 2016 hadde me øydeleggande vinterorkanar, som gjorde at straumen og mobiltelefonien var lenge vekke, kommunikasjonssambandet mellom naudetatane var også delvis nede. Naudsambandet kunne delvis etablerast ved hjelp av at kraftlag og redningsteneste frakta generatorar til fjelltoppar. Straumen var deretter det første som var på plass i etterkant. Grunnen til at straumbruddet hos oss var forholdsvis kortvarig, var at me ikkje hadde «null tilsette», men ein litt større gjeng godt organiserte, lokalt buande og ansvarsmedvitne vedlikehaldsarbeidarar i Kraftlaget. Eg huskar enno kor godt det var å føla på den gjensidige samfunnssolidariteten mellom dei ulike tenestene som berga oss gjennom orkanen. Og me budde her i kommunen, og lojaliteten og ansvarfølelsen vår var at her høyrde me til, og dette skulle me greia i fellesskap.

Null tilsette? Innvendinga mot det eg har skrive her, vil gå ut på at «sjølvsagt må det gjerast avtalar med dei som me sel oss til, slik at vedlikehald og beredskap på nettet ikkje blir skadelidande». Det trur eg heller ikkje på. Ved omfattande samfunnskatastrofer (meteorologane fortel oss at me kan venta oss verre ting enn dei i 2015-16) vil dei sentrale organisasjonane som me då har gjeve oss inn under, prioritera sine sentrale kommunar.

Ein hovudgrunn til at nettleiga er dyrare hos oss, er beredskapsomsynet. Det kostar å ha ein lokal beredskap, men det er nødvendig.

Sverre Rørtveit