Strengt teke er ikkje boutique-hotellet heilt ferdig enno, men klargjort nok til at øybuarane kunne få stiga inn og bisna etter at Høgre-leiar Erna Solberg hadde skåre over bandet i raudt., kvitt og blått, og rosa familien Johannessen for djerv satsing og poengtert at Noreg treng å byggja reiselivet på meir enn vakker og vill natur.

– Me treng å gjera det slik at turistane ikkje berre vert mett av synsinntrykka, men òg vert mette i magen, sa Solberg og delte anekdotar om då ho som ung politikarspire drog til Bekkjarvik saman med andre ungdomspolitikarar.

– Det kan henda me ikkje var dei mest populære gjestane, men utviklinga me me har sett sidan og korleis De har bygd Bekkjarvik og Austevoll som destinasjon er imponerande, sa Solberg.

Stor dag for Regine, Øystein, Cecilie, Mirabelle og Asta Johannessen, med Erna Solberg som midtpunkt og med det ærefulle oppdraget med å skjera over bandet. Foto: Trond Hagenes

Stolte over Johannessen

Medan Erna straks såg på klokka etter utført oppdrag og hasta vidare til ferja, tok ordførar Morten Storebø over mikrofonen, og poengterte at Bekkjarvik gjestgiveri berre i hans tid som ordførar har vorte vertskap for både eit samla koppel nordiske statsministrar, gjestande presidentar og seinast i går idrettstinget sine delegatar, som mellom det må tru er idrettspolitiske sverdslag på tinget, tok seg tid til ein tur til vika og Øystein og Asta si etterkvart legendariske fiskesuppe.

– Bekkjarvik gjestgiveri er eit fyrtårn, ikkje berre for reiselivet i Austevoll, men òg reiselivet i Noreg, sa austevollordføraren, og avslutta med han han, ja øyane i sin heilskap, er stolt over det som familien Johannessen har utretta med kokkekniv i hand og trygg hand om grytene.

Beckerwyc House har tre ulike standardkategoriar, frå suiter til superiour rom. Totalt er det 24 rom i det vesle hotellet, der restauranten vert sjølve hjarta. Med Mirabelle som utskytingsrampe siktar Ørjan og laget hans mot stjernene i Michelin-guiden.

Offisielt er det ved St. Hans at hotellet er klappa og klart og dei fyrste gjestane kan sjekka inn og nyta luksus, frisk havduft og utsikta innover fjordane.

Folk stimla saman på terrassen framfor hotellet i påvente av kaffi og sin tur til å få ein snikkikk inn i det kompakte hotellet. Foto: Trond Hagenes

Marsteinen har følge byggeprosessen. Les desse sakene i arkivet:

Investerer i hotell med store ambisjonar. 23. febrar 2022.

Stormar fram mot ferdig hotell. 6. oktober 2022.

Flaggskipet nærmar seg innflytting. 8. mai 2023