Til saman 128.000 personar er medlem i ein norsk supporterklubb for eit fotballag i Storbritannia, og det er langt fleire enn dei som er med i supporterkubbane til dei norske eliteserielaga. Det er også langt fleire enn medlemstalet i alle dei politiske partia i Noreg til saman.

Sjølv om hovudtyngda av laga i unionen er heimehøyrande i England, så er det også nokre klubbar i Skottland og Wales med norsk supporterklubb.

Frå Liverpool (48.506) og Manchester United (45.111) er det eit langt hopp ned til Leeds United (7.857) på tredjeplass, Arsenal (6.602) på fjerde og Tottenham (5.884) på femte.

Dei fleste av oss har ein favorittklubb på dei britiske øyane, og det har som regel vart lenge. Engasjementet er varierande, men for mange er tilknytinga til engelsk fotball svært tett. Me kjenner alle nokon som er overstrøymande glade når klubben deira i England vinn, og dei som tilsynelatande går inn i den djupaste depresjon etter eit tap.

Når starta det?

Kvifor er det så sterke kjensler for engelsk fotball her i landet? Har det noko med krigen å gjere? Dei tradisjonelt sterke banda mellom Noreg og Storbritannia? Eller var det Norsk Tipping som starta det når dei byrja med engelske lag på tippekupongen? Eller har det noko med at monopolkanalen NRK senda ein engelsk kamp direkte kvar laurdag frå 1969 og fram til 1995?

Idrettshistorikar Matti Goksøyr, professor emeritus ved Noregs idrettshøgskole, kan fortelja at det har vore interesse for engelsk fotball her i landet heilt sidan tidleg på 1900-talet. Norske sportsaviser, den første var Norsk Idrettsblad, trykte resultat frå den engelske ligaen. Det gjorde at oppslutninga auka år for år.

Matti Erik Goksøyr. Pressebilete: NIH

Det førte til at det norske fotballforbundet inviterte britiske klubbar hit, og det fyrste laget som kom var skotske Glasgow Rangers i 1911. Seinare kom fleire og fleire lag for å spele oppvisningskampar, og på 1920-talet kom også det engelske landslaget på besøk.

– Interessa auka markant på 1920-talet. England var læremeisteren, det var der dei henta reglane og det var der dei visste korleis fotball skulle spelast. Etter det har det berre auka, før det nærmast eksploderte etter at NRK starta med Tippekampen i 1969, seier Goksøyr.

Interessa for britisk fotball er stor her i landet, også samanlikna med andre land, legg han til.

Engelske kampar frå 1948

Senior kommunikasjonsrådgjevar Roar Jødahl i Norsk Tipping fortel at det var engelske kampar på den første norske tippekupongen. Og det var så tidleg som 13. mars 1948, altså for 75 år sidan. Men det var ikkje det som fekk nordmenn til å engasjera seg i engelsk fotball, meiner han.

Avisa Tips, eller Tipsbladet som det no heiter, starta opp eit halvt år før Norsk Tipping, og denne avisa hadde mykje stoff om engelsk fotball i tida før den første tippekupongen.

– Mange nordmenn tippa i Sverige før Norsk Tipping vart starta opp. Dei brukte engelske kampar på kupongane sine, og det kan ha gjort sitt. Det er heilt klart at det var ei viss interesse for engelsk fotball her i landet lenge før 13. mars 1948, seier Jødahl til NPK.

Matti Goksøyr opplyser at Norsk Tipping vart oppretta for å skaffa pengar til bygging av idrettsanlegg. Idrettsrørsla hadde fått auka status under krigen fordi dei nekta å samarbeida med den tyske okkupasjonsmakta, og det var brei semje om at det var naudsynt med fleire anlegg.

Til saman 128.000 personar er medlem i ein norsk supporterklubb for eit fotballag i Storbritannia, og det er langt fleire enn dei som er med i supporterkubbane til dei norske eliteserielaga. Illustrasjonsfoto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB / NPK

Sunnmørsposten tidleg ute

Sunnmørsposten var ei av dei første dagsavisene her i landet som følgde engelsk fotball tett. Ansvarleg for sportsdekninga i avisa i mange år, Gunnar Lorgen, fortel til NPK at han starta i avisa i 1962. Han følgde godt med på engelsk fotball gjennom ulike engelske aviser og ikkje minst BBC, og slik vart det mykje stoff om fotball frå England dei neste åra.

Og stoffet vart godt motteke, ikkje berre på Sunnmøre.

– Det var ein kar frå Ålesund som tok ingeniørutdanning i Sverige, og han hadde abonnement på Sunnmørsposten. Han hadde ein lærar som var levande oppteken av engelsk fotball, og han klaga på at han ikkje fann stoff om det i svenske aviser. Då han fekk sjå Sunnmørsposten, så gjekk det ikkje lenge før han var fast abonnent på grunn av stoffet om engelsk fotball, minnest Gunnar Lorgen.

Han hadde då han starta i avisa alt eit favorittlag, Burnley, og det har han halde fast på heile tida.

– Ein skiftar ikkje favorittlag, slår han fast. Ein skal støtte klubben i sitt hjarte både i medgang og motgang.

Ødegård og Haaland

I dag er to av dei største profilane i engelsk fotball, norske. Martin Ødegård briljerer for Arsenal heilt i toppen av Premier League, medan Erling Braut Haaland skårar mål nærmast på bestilling for den sterkaste utfordraren til ligatittelen, Manchester City.

Kontaktperson for supporterane til Arsenal her i landet, Therese Togstad Berg, fortel at medlemstalet deira har auka med over 1.000 i den siste sesongen. Det er ikkje berre ein Ødegård-effekt, trur ho, men like mykje at klubben spelte i same gruppe som Bodø-Glimt i Europaligaen.

Denne norske supporterklubben til Arsenal har i dag 7.700 medlemer, fortel ho. I mai i fjor var talet 6.602.

Togstad Berg, som til dagleg er lærar i Oslo-skulen, er eit eksempel på eit anna fenomenet innan supporterkulturen, at det blir stadig fleire kvinner med. Tidlegare var fotball ei rein mannfolkgreie, men no gjer kvinnene seg stadig meir gjeldande.

Tor Sønsteby er leiar for den norske supporterklubben til Manchester City, som har 2.804 medlemer. Talet har halde seg stabilt, og dei har ikkje merkt ein Haaland-effekt.

– Det er nok mange som heiar på Haaland, men ikkje så mange ekstra på Manchester City, seier han til NPK.

Ray Tørnkvist er leiar for paraplyorganisasjonen Norsk supporterunion for britisk fotball, der dei ulike supporterklubbane er med. I dag er cirka 126.000 nordmenn med i dei 54 supporterklubbane som utgjer unionen. Og medlemstalet er stadig aukande, fortel han.

Sjølv er Tørnkvist ihuga Leeds-tilhengjar, og det har han vore i mange år, også i dei vanskelege åra då dei var nede på tredje liganivå i England og mange år på nest øvste nivå, før dei  endeleg greidde å kara seg opp i Premier League.

Oslo 20120505. Oslos sportspuber er fulle av fotballfans når Liverpool og Chelsea møtes i FA-cupfinalen på Wembley lørdag. I Saras Telt var det for det meste Liverpool-fans. Foto: Erlend Aas / NTB / NPK

Leeds historisk store

– Det er to viktige faktorar som gjer at me i dag er historisk store med 8.000 medlemer. Me har greidd å ta med oss minnet om Norman Hunter, Peter Lorimer, Billy Bremner og dei andre heltane frå 1960- og 1970-talet, vidare til barna våre. Og me er flinke til å bruka klubben, me er raskt ute med oppdateringar og me har møteplassar over heile landet, seier han til NPK.

Han fortel at det er eit godt forhold mellom dei ulike supporterklubbane, og at dei kvart år møtest til supportercup i Oslo. Her spelar dei mot kvarandre i sjuarfotball og er sosiale. Det er i det heile mykje positivt med å vera supporter, meiner han.

– Samhaldet i miljøet er heilt unikt. Det spelar inga rolle kva yrke du ha, kor mykje pengar du har eller kor fin bil du har. Det er heilt uinteressant. Me dyrkar samhaldet og har det kjekt med den felles interessa for fotball, seier han.

Sjølv har Tørnkvist oppgjennom åra vore på Elland Road, heimebana til Leeds, rundt 200 gonger. Han er i England på kamp i snitt 8–10 gonger i ein sesong.

Stabilt i elendig sesong

Tore Hansen er dagleg leiar i supporterklubben til Liverpool, den største her i landet med 48.506 medlemer. Med så høgt medlemstal er han heiltidstilsett i klubben. Han fortel at sjølv om Liverpool har ein elendig sesong, så held medlemstalet seg stabilt. Og 12 prosent av medlemene, over 5.000, er kvinner.

Kvinnene sitt inntog i det som ein gong var ein mannsbastion, har ikkje vore noko problem. No er det ingen som tenkjer på det. Det fell heilt naturleg, seier han.

– Medlemstalet vårt har vore veldig stabilt dei siste åra. Før Jürgen Klopp tok over som manager låg me på rundt 42.000-44.000 medlemer. Så vi har nok hatt ein viss Klopp-effekt, slår han fast.

Når det gjeld Manchester United så har faktisk medlemstalet i den norske supporterklubben gått opp etter at Ole Gunnar Solskjær måtte trekkja seg som manager.

Idrettshistorikar Matti Goksøyr er spent på om oppslutninga om supporterklubbane vil halda seg i framtida. Trenden i dag er nemleg at barn og unge følgjer enkeltspelarar meir enn klubbar.

– Det blir spennande å følgja med på utviklinga, seier han.