Kolbeinsvik

På Kolbeinsvik startar feiringa med tog frå bedehuskrysset kl 11:30.

Grethe Drønen Ringdal skal halda ord for dagen og deretter blir det springjekonkurranse, sal av middag, kake, is og drikke og sjølvsagt leiker. Det heile vert avslutta med loddsal.

Selbjørn

På Selbjørn byrjar det heile med oppmøte på Aisen kl 10:30, før folketoget er avgarde kl 10:40. Syng gjerne av full hals, for engasjement vert premiert. Det vert fellessang på parkeringsplassen ved Bekkjarvik Torg like før kl 11, før toget vandrar til Selbjørnshallen. Her er kioskane opne.

Klokka 11:30 held sjuandeklassen velkomsttale og det vart underhaldning avv elevar frå 2. og 7. trinn. Vidare vert det tale frå ordførar Bente Kari Sletten Taranger, song av Bekkjarvik Maritime barnehage og diktopplesing av Nashmia Sandbugt. Leikane skjer frå ca kl 12:15. Markeringa vert avslutta med premieutdeling frå leikane og loddutsal før det til fellessang av nasjonalsangen kl 1430.

Bakkasund

Flaggheising Grendahuset Øytun klokka 08:00 Deretter er det kransenedlegging klokka 11.00 på Kalve. Tog klokka 12:00 Grendahuset 13:00 Her blir det servert lapskaus, pølser, kaker og is. Leiker og konkurransar for store og små.

Storebø

17.mai på Storebø startar med gudstjeneste kl 10:30 i Austevoll kyrkje.

kl 11:15 skal Morten Drønen leggje ned kransen.

Oppmøte for toget er klokka 11:15 framfor Storebø skule. Klokka 12 går toget via Birgittunet til PO-senteret der det blir sang av elevar frå 1.-4.trinn. Ei halvtimes tid seinare går toget vidare til ungdomsskulen der det blir matservering frå klokka 13:15.

13:20 blir det underhaldning og song med Tomine Kvalhem og Emilia Stangeland. Etterpå kjem ordførar Bente Kari Sletten Taranger til scena for å halda tale for dagen.

Så blir det leikar før tilstelninga rundar av 15:30.

Stolmen

På Stolmen startar feiringa med kransenedlegging ved Stolmen kyrkje med ordføraren. Klokka 11:30 startar toget frå Våge, rundt Stangeland og til skulen.

På skulen er det tivoli med lukkehjul, luftgevær og pilkast m.m. Det blir leikar, 60 metar, potetløp og fotballkamp. Sal av pølser, is og brus

Frå klokka 14:30 er det underhaldning og taler i gymsalen, samt premieutdeling og loddtrekking av padelracket.

Møkster

08:00 Flaggheising på skulen- is til barna

10:30 Tog frå skulen og ned til kaien for å ta imot Westamaranen og kjøpe is/drikke på butikken

13:00 Mat og leikar på skulen

ca. kl 16.00 Lokal fotballkamp

Vinnes

17 Mai toget vil i år gå  frå Vinnes Gravplass kl 13.00 Tale for dagen ved Oddrun Gangsøy ved ankomst bygdahus. Etter talen blir det matservering i gymsal. Der kan du nyta lapskaus, kaffi og masse gode kaker. Det blir kjekke aktiviterar for store og små: Hesteskokasting, luftgeværskyting , pilkast, kulestøt, lykkehjul, fiskedam, tipping av vekt på fenalår, tipping av antall i godtekrukke og utloddning av fine gevinster.

Litlakalsøy

Også på Litlekalsøy blir det sjølvsagt feiring av nasjonaldagen. Klokka 15 er det oppmøte ved skulen. Det blir tog, konkurransar og matservering.

Påmelding til Litlakalsøy Vel eller på butikken.