Glad i folk, og glad i livet. Den som ein alltid kunne stola på: Han stod for det han hadde sagt, han stod til jobben var gjort, og til han var gjort skikkelig.
Lite hadde me trudd at det skulle gå slik som det gjorde då me feira deg på garden for fire år sidan. Då var det stor fest. Den feiringa kom til å markera eit vegskille. Du var frisk og full av styrke. Men det var desverre noko der som ingen visste om og som skulle kasta skugge over tida som kom. Det var ein magisk kveld me seint vil gløyma. No er du ikkje meir og me må klara oss utan deg.
Heldigvis kjem det gode folk etter deg. Me har framleis Bjørg, og mykje av det same stå-på-lynnet og evnene som du sjølv har hatt ser me igjen i dei som kjem bak Dykk. Med god ballast, og dregne opp til å vera både arbeidssame og til å stola på.
Går ein frå Kvalvågen langs Fylkesvegen kan ein knapt gå ein ny meter utan å få auge på noko som Hans Reidar har vore med på å skapa. Enten som innvald medlem i kommunestyret for Senterpartiet eller som engasjert samfunnsborgar med eigne initiativ var du med og fekk realisert både den nye gravplassen og landemerka Globen og Stien. Som politisk aktiv har han òg hatt fingrane borti alt frå Stolmabrua til seinare arbeid med telemastene, og me laga planar for ei framtidig samfunnsutvikling etter eit bilete som han trudde på. Og kven heiv seg på traktoren når graset rundt skulen måtte klippast? Seint gløymer me kvelden då De hadde kjøpt Stangeland gård, og Bjørg, du og stolmarane samlast der på palmelaurdagen i år. Då såg alt lyst ut og alt tyda på at du var frisk. Desverre var det ikkje mange vekene etterpå at ein byrja å forstå at ikkje alt var slik det skulle vera.
Då bodskapet om at du hadde gått bort kom så var det eit slag for alle som hadde stått deg nær. Sjokket har lagt seg men det kjenst framleis tungt.
Ektemann for Bjørg. Ung fiskebåtskipper. Reiar. Gardbrukar. Samfunnsaktør. Politikar. Far. Bestefar. Ven. Dugnadsleiar. Rådgjevar.
Alt dette og meir til var du. For meg sjølv og mange andre som stod deg nær blir du umogleg å erstatta.
Eg vil lyse fred over Hans Reidar Njåstad sitt minne.
Lars Knut Aarland.
(Eg tillet meg og å skriva dette også på vegne av mange naboar, vennar og politiske kollegaar som føler mykje av det same og som vil sakna Hans Reidar).