Hundrevis, ja kanskje tusenvis av år med beite og lyngsviing, har forma kystlyngheiene langs den norske kysten. I dag er kystlyngheia ein truga naturtype. Der mykje av den gamle kystlynheia alt har grodd att eller er usamanhengande, står mykje av sentrale og sør-vestlege delar av Selbjørn fram som godt teke vare på. Grunneigar Kai Eliassen, som elles òg sit i plan- og byggjesaksutvalet for Framstegspartiet, tok ordet og rosa verneforslaget.

– Eg hadde med meg nokre gjestar frå Sverige. Dei fekk vera med på fisketur og i lyngheiane vår. Ni vet inte vad ni har, sa dei. Det er nettopp poenget, her såg eg denne veka fire havørn, ein hubro som sat i eit tre og fire hjort, sa Eliassen. Han poengterte at han kom utanfrå og sikkert kan kallast innvandrar.

– Difor seg er kanskje òg med andre augo på kvalitetane i utmarka, sa han og støtta utstrekkinga av verneområdet, men råda statsforvaltaren til å trekkja det noko lenger unna husa i bygdene. Eliassen, som er utdanna innanfor zoologi og biologi, var òg klar på at ein for ein kvar pris må unna hyttefelt eller vindmøller ute i marka.

– Seier ein ja til slike tiltak, seier ein samstundes nei til lyngbrenning og det i ta vare på kystlyngheia slik ho ligg, sa Eliassen. Han meinte vidare at vern i seg sjølv er eit kvalitetsstempel som kan vera med å trekkja gjestar til den særmerkte Selbjørnsmarka, i tråd med satsing på reiselivet.

Tidleg prosess

Informasjonsmøtet vart skipa til i samarbeid mellom Statsforvaltaren i Vestland og grunneigarlaget på Selbjørn. Magnus Johan Steinsvåg frå statens lange arm i Vestland gjorde fyrst greie for mandat og prosess, dei er enno ikkje kome i gang med den formelle biten av verneprosessen: Oppstartsmeldinga kan ein likevel venta seg på nyåret. Han var klar på at ei nidobling av Steinevik naturreservat vil gjera ei rekkje tiltak lettare å få til.

– Me kan mellom anna mykje lettare stilla opp med midlar for å kjempa mot siktagranen i og ved verneområdet. Me har dei siste åra nytta millionar av kroner for å få hogd med desse trea, sa Steinsvåg. Andre tiltak dei kan gje støtte til er retta mot beite av utegangarsauen og den naudsynte lyngsviinga, eller å leggja til rette for betre turstiar ved utlegg av flakar eller ander tiltak for å redusera slitasjen på naturen. Som kjent går Nordsjøløypa rett gjennom det føreslåtte verneområdet, frå fylkesvegen ved Stolmasundet til Hottvik, og vidare mot Gauksheim.

– Sjølv om eg er ein ung mann på 47 år, kan eg òg sjå at vern virkar. Då eg var ungdom og gjekk med kikkert heime på Bømlo, var det verken oter eller havørn å sjå. No har desse artane verkeleg teke seg opp, og me kan sjå ørnene dagleg og lett finna oterstiar, sa Steinsvåg.

Store delar av Selbjørn, rundt 9000 mål, kan bli verna. På informasjonsmøtet denne veka fekk Statsforvaltaren i Vestland sine folk støtte i arbeidet sitt, som vil understøtta det som lokalbefolkninga i generasjonar har drive med i dei  Foto: Trond Hagenes

Lyngen i røyken

Solveig Roald forklarte, ho òg frå Statsforvaltaren i Vestland, forklarte forsamlinga om beitepress, utviklinga av kystlyngheiene, og kor viktig det er med sviinga.

– Lyngfrøa i bakken ha utvikla seg så sterk at røyk er ein trigger for dei: Med røyken spirer dei. Det er noko me ikkje ser med røsslyngen på Austlandet, sa ho.

Området på Selbjørn er prega av fjell, lyng og noko naturbeitemark, som i Hottvik. I den grøne grasområda med beitemark finst det minst 24 beitemarksoppar, mange av dei på raudlista.

Det var få motstemmer mot vern på møtet i Bekkjarvik. Sten Terje Østervold var ein av dei som meinet av vern måtte føra med seg tilgjengelegheit for å fylgja med på sau i utmarka.

– Då treng me å komma oss ut dit, det bør difor leggjast tilrette for ATV-vegar i dalføra, sa Østervold. Han uttrykte saman med Eliassen ei slags uro for at krava Mattilsynet har til ettersyn og stell av sau på utmarksbeitet vil føra med seg ein stor reduksjon i beitepresset.

– Her må styresmaktene snakka saman, streka Østervold under.

Selbjørn i ein større samanheng

Verneforslaget på Selbjørn ein lekk i oppdrag frå Miljødirektoratet om å gå i dialog med kommunane for å finna fram til kandidatområde for vern for bevaring av verdifull natur. I Vestland omfattar oppdraget i hovudtrekk mogleg oppretting av tre nye nasjonalparkar og 22 mindre område i tillegg til utviding av åtte eksisterande verneområde. Inkludert nasjonalparkforslaga, utgjer det samla arealet av desse områda åtte  prosent av det verna arealet me har i Vestland i dag, heiter det i skrivet Statsforvaltaren har sendt grunneigarane.

–  Skal me løysa oppdraget med å ta vare på trua natur er det viktig at me tek vare på den viktige naturen der den er. Austevoll kommune og austevollingane har all grunn til å vera stolte over det flotte landskapet og svært viktige naturmangfaldet som finst der. Og det er den tradisjonelle bruken av areala, over mange tusen år som har skapt desse kvalitetane. Det er dette me ynskjer å støtta opp om, og ta vare på gjennom eit vern. I desse svært viktige naturområda er det allereie frå før store avgrensingar for kva som er lov og ikkje, skreiv seniorrådgjevar Magnus Johan Steinsvåg hos Statsforvaltaren Vestland til Marsteinen tidlegare i år.