Blodprøve til 59 kroner – fekk fakturagebyr på 71 kroner
Tore Fagerbakke reagerer kraftig på at han fekk eit fakturagebyr på 71 kroner etter ein blodprøve som kosta 59 kroner. Han hevdar automaten på legekontoret ikkje godtok kortbetaling då han skulle betala.
Tore Fagerbakke meiner det er urimeleg med eit gebyr på 71 kroner for ein blodprøve som kostar langt mindre – særleg då betalingsautomaten var nede etter han hadde timen sin.
Foto: Trond Hagenes