Frå i dag fredag treng du Schibsted-konto for å lesa Marsteinen på nettet. Det betyr altså at du som lesar treng å oppdatera den digitale profilen din. Det er fort gjort, og når det er gjennomført vil du ha mykje lettare tilgang til avisa enn det den førre modellen vår hadde. Dette er altså ein vinn-vinn-situasjon: Me lagar ei betre nettavis og du får ein lettare kvardag som digital abonnent.

Me har ein ambisjon om å levera på nett – og redaksjonen vert styrka med ein journalist i midten av juni. Satsinga vil du som abonnent merka med fleire og meir gjennomarbeidde saker på nettet utover sommaren og hausten.

Har du konto hos VG, Finn.no eller E24? Då kan du bruka den same innlogginga så snart du har oppdatert brukaren. Alternativt kan du oppretta ein ny Schibsted-konto.

Ein del av lesarane våre har også fått e-post eller tekstmelding om å oppdatera sin digitale brukar. Den kan de trygt stola på.

Oppdatering av Schibsted-konto eller oppretting av ny Schibsted-konto kan du gjera anten på mobilen, nettbrettet eller PC-en. Følg instruksjonen på https://minside.marsteinen.no/koble-bruker

Me i redaksjonen gler oss til å jobba i det det nye systemet vårt og levera gode, gjennomarbeidde journalistiske saker på marsteinen.no til deg –både på mobil og PC.

Dersom du treng hjelp til innlogging, kan du kontakta kundesenteret vårt på abonnement@marsteinen.no eller på telefon 55 08 21 00.