I fjor vart det i snitt samla inn åtte kilo plastemballasje per innbyggjar i Noreg – men det same året kasta me dobbelt så mykje plast i restavfallet. Held det fram på den måten, er det umogleg å nå attvinningsmåla.
Returselskapet Plastretur samla i fjor inn 30.000 tonn hushaldsplast frå 326 kommunar.– Det er i alle fall 30.000 tonn for lite, om vi skal nå krava vi har til gjenvinning i framtida, seier administrerande direktør Karl Johan Ingvaldsen i Plastretur.
Foto: Grønt Punkt Norge