Når sparegrisen langt på veg er bunden opp til å byggja fylkeskommunal veg, og eigedomsskatt er ein kamel som smakar for ullent for det konservative Austevoll, finn politikarane i staden fram ei litt sløv øks og set i gang med å kutta: Sløv fordi dei på den eine sida er uroa for at investeringane kommunedirektøren føreslo vil utløysa ei for stor gjeldsbør med trong for omfattande kutt i 2025, men samstundes plussar på driftsbudsjettet med fleire stillingar samanlikna med hans. Sløv fordi dei brukar den butte enden av øksa til å knusa friluftsparken på Eidsbøen, medan dei opnar opp for 20 millionar investeringar i storhall til fotballen i økonomiplanperioden. Dette vil i sin tur føra med seg driftskostnadar årleg på over 2,6 millionar kroner årleg etter opninga. Ei rekning kommunen ganske sikkert må dekka. Sløv fordi dei introduserer omgrepet totalentreprise når dei høgg inn ei grense på 200 millionar kroner for Storebø skule si renovering. Både friluftsparken og skuleutvidinga på Storebø, med lange og gode prosessar med involvering av brukargruppene, kan dermed enten enda opp med å bli pynta asfalt på ungdomsskulen, eller svara på noko anna enn behova som ligg til grunn på Storebø. Om administrasjonen ser ut til å ha lært leksa si føre førre skuleprosess, må ein undra seg om kva som blir enden på visa om formannskapet sitt vedtak blir ståande.

Det er sjølvsagt at ein må utvisa økonomisk ansvarlegheit i politikken. Kommunepolitikarane har allereie nytta store summar til det som ikkje er noko kommunal kjerneoppgåve: Austevollpakken. Posisjonspartia har rykka ut og forsvart investeringskutta sine, men møter sterke reaksjonar frå både skular, foreldre og andre interessentar.

Det lett å forstå at pengane ikkje når til alt ein har lyst til, men å dekka kjerneoppgåver og ivareta elevane og ungane sin skulekvardag skal vega tyngre enn asfalt, parkeringsplassar og særidrettar sine fromme ynskje. Inntil kommunestyret sitt endelege budsjettvedtak i desember har politikarane i alle høve til å sjå to gongar på svara sine.