Dette går fram av ei pressemelding frå Elbilforeningen. For eitt år sidan jubla foreininga over eit skikkeleg byks i elbilhandelen med ein andel på 79 prosent, opp frå 65 prosent frå året før. Samstundes uttrykte foreininga uro for 2023.

– Uroa vår viste seg å stemme. Innføring av både moms og vektavgift var avgiftsendringar som førte til at elbilandelen har flata ut. Likevel var det ein del lyspunkt i 2023 som gir optimisme for 2024, seier Christina Bru i Elbilforeningen.

Nordland har hatt ein vekst i elbilandelen på heile ti prosent i nybilsalet frå 2022 til 2023, og i Finnmark og Sogn og Fjordane har veksten vore på ni prosent. Distriktsfylka Møre og Romsdal, Telemark og Trøndelag har no høgare elbilandel i nybilsalet enn Oslo.

– Dei som framleis meiner at elbil er ein bybil og ikkje passar i distrikta, har ikkje følgt med i timen, meiner Christina Bu.

Ho trur at avgiftsauken for nye fossilbilar i 2024 vil gjere elbilane endå meir konkurransedyktige. Ho ventar at elbilandelen i nybilsalet vil kome opp i 95 prosent i 2024. Men Bu legg til at vi har dårleg tid og må løfte elbilandelen kraftig om vi skal rekke målet om utsleppsfritt bilsal i 2025.

Det kjem stadig nye elbilar ut på den norske marknaden. Medan det i 2022 vart selt 107 elbil-modellar her i landet, så var talet stige til 126 i 2023.

– Det finst elbilar for ein kvar smak og ikkje minst for ulike behov, seier ho.

Tesla Model Y var i 2023 den suverent mest selde bilen i Noreg for andre året på rad, medan Toyota har tre bilar på lista over dei ti mest selde modellane i 20223. Ein er heilelektrisk, medan to er fossile.

Ti på topp-lista over selde nybilar i Noreg i 2023:

1: Tesla Model Y: 23.088

2: Volkswagen ID4: 6614

3: Skoda Enyaq: 5737

4: Toyota bZ4X: 5395

5: Volvo XC40: 5025

6: Ford Mustang Mach-E: 3792

7: Toyota Yaris: 3574

8 Toyota RAV4: 3457

9: Volkswagen ID. 3: 3141

10: Hyundai Kona El: 2991

(©NPK)