Det vart ikkje fleire nettkjenningar på Tord Harald Skår, etter at Bønes ikkje stilte til kamp på Eidsbøen onsdag.

Få timar før kampstart fekk Austevoll vita at Bønes ikkje klarte å stilla lag til onsdagsens kamp på Eidsbøen. AIK-trenar Trond Fredrik Ludvigsen stiller seg undrande til at bortelaget, som har både junior-, G15- og G16-lag og visstnok eit juniorlag ikkje klarar å stilla til kamp.

AIK blir tilkjent sigeren og ein målskilnad på 3–0.