Det slår meg at Fjordland må ha vore i det lett ironiske lunet då dei bestemde seg for merkenamnet på snøggmaten sin. Å komma seg raskt fram kring Hardangerfjorden krev trafikkmaskinar, som det kostar milliardar å byggja. Til det seinare. Akkurat no svingar Tore Hufthammer elbilen inn på parkeringsplassen ved ferjekaien i Gjermundshamn, der to fartøy trafikkerer over fjorden til Årsnes. Ei av dei har fast stoggestad på Varaldsøy, som ligg som ein grøn draum ute i sommarfjorden. Kanskje er ferja ein slags livsnerve i Kvinnherad kommune, der både Husnes og kommunesenteret Rosendal ligg på andre sidan av ferjereisa?

Lærlingen dirigerer dei få bilane som har stilt seg opp inn på MF «Sildafjord».

– Det er rolege dagar her, slår Fjord1-lærlingen fast. Tore har nett byrja i gamlejobben sin på Austevoll opplæringskontor, og kan ikkje fri seg frå å vera nyfiken om den unge mannen sine framtidsplanar.

– Kor mykje trafikk er det er på natta? spør Tore.

– Eg jobbar ikkje nattskift, og det er den andre ferja som går nattrutene.

Frå Gjermundshamn han du komma deg over fjorden klokka 00:30, 01:45, 03:30 og 05:20 med MF «Lærdal». På den fyrste nattavgangen stikk ferja òg innom Varaldsøy med dei 191 innbyggjarane sine, dersom det skulle vera passasjerar eller bilar dit. Urettvist?

– I dei fire fyrste månadane i år har sambandet Hufthamar – Krokeide vore 50 prosent større enn Årsnes – Gjermundshamn, kan påpeikar eldsjela frå Hufthamar.

Utanom Tore og Marsteinen er det berre ei kvinne med barnevogn i salongen på «Sildafjord» når elferja nesten lydlaust dreg frå kaien. Ferja er bygd i Tyrkia, og minner mykje om våre eigne ferjer som trafikkerer Hufthamar–Krokeide. Men så er det jo same skipsdesignarane som har teikna «Sildafjord», òg: Multi Maritime i Førde.

Ferjekaien utanfor Utne fjordhotell er stoppestad for ikkje mindre enn to ruter. Nokre kilometer lenger inne i fjorden kan du køyra over Hardangerbrua. Foto: Trond Hagenes

På jakt etter rettferdigheit

At Tore bur like ved ferjekaien på Hufthamar er ikkje årsaka til at han engasjerer seg i Vestland fylkeskommune sitt ferjetilbod. Mest av alt kjem det av at det slik han ser det manglar objektive kriterium for kor mange avgangar og opningstid sambanda i storfylket skal ha. Austevoll er saman med Fedje den einaste kommunen i gamle Hordaland som ikkje har omkøyringsmoglegheiter. Effektivt stengjer fylket Austevoll klokka 22:35, og opnar kommunen fyrst klokka 05:55.

– Årleg budsjetterer fylkeskommunen med over ein milliard kroner til ferjedrift. Når eg har etterlyst kva som er avgjerande for kor ofte ferjene går og opningstider, er svaret ofte historiske årsaker, seier Tore, som har vorte stadig meir overraska over kor tilfeldig rutetilboda i fylket ser ut til å vera, trass i at det er bygd både Trekantsamband og Hardangerbru. Mange stadar i nærleiken av bruene går ferjene jamt og trutt, òg i helgene.

Når «Sildafjord» manøvrerer til kaien på Årsnes, står det berre tre bilar i oppstillingsfeltet. Tre bussar ventar på passasjerar til Bergen og Odda, som ikkje er lange strekket unna Årsnes. Men på ferja skal dei ikkje. MF «Lærdal» har på si side gått frå kai på veg til øya ute i fjorden.

På Årsnes ferjekai er det ikkje mange bilar som skal ta turen over til Gjermundshamn. Foto: Trond Hagenes

Lova gjennomgang

I april for to år sidan kunne fylkesordførar Jon Askeland (Sp) konstatera til Marsteinen at betre ferjetilbod ikkje stod på vilja for å gje Austevoll betre ferjetilbod, men den skratande pengestraum frå Staten.

– Før 2019 fekk me betalt det det kosta å driva ferjene. Etter at me tok kostnadane med å elektrifisera ferjedrifta, manglar me årleg om lag 200 millionar kroner i årlege overføringar, sa Askeland til Marsteinen.

– Likevel er det vanskeleg å forstå at ein av dei få kommunane i Vestland som manglar asfalt til fastlandet ikkje kan prioriterast med opningstider, mot å strama tilbodet der omkøyring finst? Spurde lokalavisa.

– Dette er eit stort fagleg og politisk spørsmål, som fylket ikkje har diskutert på lang tid. Eg vil tru at utval for mobilitet og kollektivtransport kjem til å tinga ein slik sak snart. Men akkurat det loddet er enno ikkje kasta, sa fylkesordføraren i april 2021.

Dryge to år seinare er det breie gjennomgangen av storfylket sine ferjesamband enno i det blå. Då samferdselsutvalet i Vestland diskuterte om Hufthamar–Krokeide burde få sundagsferje òg i vinterhalvåret til tre millionar kroner årleg, eller nattferje til ein årleg kostnad på 22 millionar kroner, vart det som opphaveleg var ei meldingssak sendt attende til administrasjonen. Trude Brosvik (KrF) poengterte noko av utfordringa i fylket.

– Ofte dreg me med oss ferjetilbodet vidare, sjølv om det har kome til ei bru i nærleiken. Me såg mellom anna eit døme på det då me hadde utvalsmøte i Ullensvang, der me reiste med ei ferje som eg ikkje er sikker på er det viktigaste me driv med, sa Brosvik til forsamlinga. Ho ville òg spela ballen attende til Austevoll for å vita om nattferje eller sundagsavgangane er det viktigaste for øykommunen.

Eit anna moment er at fylkeskommunen får refundert ferjekostnadar frå staten, og vår eigen representant i kommunalkomitéen Helge André Njåstad fekk resten av medlemmane med seg på at det vert gjort hyppige justeringar av mellom anna sektorandelar og utgiftsbehov, som det heiter i tilrådinga til stortingsbehandling.

Hufthamar–Krokeide er det største fylkeskommunale sambandet, men det vert ikkje reflektert i rutetabellen så langt. Tore Hufthammer har likevel trua på at det kan verta ei endring på dette snart. Foto: Trond Hagenes

No ser eg atter slike fjell og dalar

Det er idyllisk på vegane i Hardanger. Dei slyngar seg som svarte og grå ormar langs fjordane, men utan at ein i same utstrekkings om i barndomens bilferiar trong sitja med hjarta i halsen. Lukkelegvis var fader’n ein solid sjåfør inntil dei eldre dagane sine.

Mellom Tørrvikbygd og Jondal er det mykje meir trafikk enn på sambandet lenger ute. I det strålande sommarvêret strøymer ei busslast nederlandske turistar ut for å bisna på det dramatiske landskapet, så annleis enn vindmøllelandet dei kjem frå. Me kan skimta Folgefonnas nordlege armar på toppen av fjorden, som heimefrå Austevoll er eit minst like fantastisk skode i det rette kveldslyset på seinsommaren. Tore er derimot ikkje oppteken av å rosemåla tilstanden i ferjetrafikken.

– Samanliknar me Hufthamar–Krokeide med sambandet mellom Skjersholmane og Ranavik, har me dårlegare rutetilbod, meiner eldsjela. På ferjedatabasen framgår det at sambandet mellom sørspissen av Stord til nordpynten av Halsnøy hadde 319 012 personbileiningar, pbe, i trafikk i 2022, medan Hufthamar–Krokeide enda på 480 245. Skilnaden utgjer 161 233 personbileiningar, eller 441 pbe kvart einaste døger. Frå Halsøy kan du komma deg til Stord så seint som 00:05 kvar natt minus sundag, og den andre vegen er det nattavgang kvar kvardag klokka 00:55.

Me har svinga av ferja i Jondal. Medan dei fleste bilane tek til høgre mot Odda, vil me innover i fjorden til Utne. Vegen slyngar seg gjennom fruktgardar med tre i blomst. Ute på fjorden flyt pollen frå bjørk og andre tre i store lysegule band. Me møter knapt ein einaste bil på ferda vår gjennom det fruktbare landskapet, og det kjenst godt å vera turist i eige land. Etter dryge 35 kilometer rullar me ned framfor fjordhotellet i Utne. Frå ferjekaien kan dei 1209 innbyggjarane i soknet ta ferje både Kinsarvik og Kvanndal, som er to ulike samband. Tek du ferja til Kinsarvik heilt ytst i Sørfjorden kan du skoda bort på Hardangerbrua. Om du vel å ta ferje til Kvanndal og dra over Hardangerbrua, tek køyreturen om lag 35 minutt. Ferja tek til samanlikning 28 minutt. Kanskje ikkje så rart at berre 25 765 pbe reiste på sambandet mellom Utne og Kinsarvik i 2022? Ikkje for det, sambandet den andre vegen er heller ikkje det største, med 171 805 pbe kvart år.

Etter at Hardangerbrua opna, har det halde fram å gå ferje frå Utne til Kinsarvik. Foto: Trond Hagenes

Rusk i maskineriet

Tore Hufthammer har engasjert seg både som aktivist og vore medlem av Senterpartiet for å forsøkja å pressa på i dei riktige kanalane for at ferjetilbodet skal bli betre. På vegen har han blitt både oppgitt og overraska.

– Nokre fylkespolitikarar kan sei rett ut at rutetilbodet reflekterer kvar representantane i fylkestinget kjem frå. Andre politikarar igjen gjev klart uttrykk for at me ikkje skal utfordra dagens system med kor ferjene går, seier Tore medan han ristar lett på hovudet.

– Eg synest at dette er heilt feil måte å forvalta fellesskapet sine pengar. Rutetilbodet må vera rettvist og vera tufta av objektive behov. Eg har kontakta Riksrevisjonen og bede dei vurdera korleis Vestland skjøttar ferjesubsidiane sine, forklarar ferjeforkjemparen.

Lenger utover i Hardangerfjorden, kan me om me  inkluderer Bømlafjorden i systemet, konstatera at det går ferje frå Langevåg i Bømlo til Buavåg i Sveio. Reisa med bil frå sørspissen av Bømlo over Trekantsambandet til Sveio sentrum er på 65 kilometer som du køyrer på like over ein time. 17 rundturar i døgeret surlar og går det ferje over Bømlafjorden.

Frå Kvanndal dreg me inn på riksvegen i retning Hardangerbrua. Her pulsererer tungtrafikken, og tunellar og bru gjev saman ei heilt anna reise enn dei meir bedagelege pausane med innlagt svele og ein kaffitår. Til og med rundkøyringane i tunellane er som små lyssette under. Hovudspennet er på 1 310 meter og seglingshøgda er på velvaksne 55 meter. Det høgaste brutårnet er 201,5 meter. Til refleksjon mindre enn det me sjølve treng for å knyta oss til Rekstern om E39 nokon gong vert å finna på øya austanom oss.

– Den raskaste vegen heimatt er over Voss, meiner Tore etter at me har teke oss ein beinstrekk på austsida av fjorden og skoda den trass alt veldige brua.

Med grei vegstandard har me før me nærast har fått sukk for oss fart utanom Voss og stoppar for ein hamburgar på vegen. Voss–Bergen er utskjelt, men det vert i alle høve arbeidd og flikka på strekninga.

Me har lagt om lag 350 kilometer bak oss, om me inkluderer tråklinga over fjorden når me rullar kontrollert inn på vår eiga hovudlivsnerve på Krokeide. Tore meiner at kampen for ferjeruter som heng på greip, og er rettvise for innbyggjarane i storfylket vårt, snart kjem til å bera frukter nett som trea langs Noregs nest lengste fjord.