– I dag var det generell forspøling av sjøen som gjorde at me fekk tauet inn i thrusteren. Verre er det når folk set krepseteiner akkurat der dei veit at ferja går, det er ikkje ein gong snakk om 15–20 meter unna, seier Bjørn G. Barstad i Fjord1 til Marsteinen.

Ein skadd thruster kan gje store seinkingar i ruta, og potensielt krevja eit opphald på verkstad som kan vara fleire veker.

– Det viser seg altså at det er austevollingar som set mange av teinene frå Trollsøysundet og sørover mot Hufthamar. Nokre gongar må ferja manøvrera seg omvegar rundt blåsene, og me kan bere spørja kvifor teiene vert sette akkurat her, poengerer Barstad.

– Det er i seg sjølv krevjande å halda ferjene operative, men av alle utfordringane eg hadde sett for meg var ikkje austevollingane sine eigne teiner noko eg hadde sett for meg i det biletet, poengterer Barstad.

B-ruta melder om noko seiking på avgang klokka 14:10 som eit resultat av thruster-problemet.