LLA og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) la fram nye opplagstal for avisbransjen torsdag. Der kom det fram at blant dei over 100 medlemsavisene i LLA auka totalopplaget med 1.687, ein auke på 0,5 prosent, skriv LLA i ei pressemelding.

Tomas Bruvik er generalsekretær i Landslaget for lokalaviser og er godt fornøgd med tala.

– Folk lever jo livet sitt lokalt og lokalavisene lagar god og viktig journalistikk frå bygder, tettstader og bydelar landet rundt. Avisene våre følgjer folk frå vogge til grav. Undervegs løftar me fram relevante nyheiter, kultur, idrett, næringsliv og ikkje minst det flotte lag- og organisasjonslivet, seier LLAs generalsekretær Tomas Bruvik i ei pressemelding.

Eidsvoll Ullensaker Blad er opplagsvinnaren blant LLAs lokalaviser. Nettoopplaget til avisa er no 7.255, ein auke på 800. Redaktør Bjørn Inge Salberg Rødfoss seier dei har vore gjennom ei god utvikling dei siste åra.

– Me har hatt stort fokus på digitalt først, og dette har vore svært viktig for den auken me ser i dag. Opplagstala er for oss ei fin og viktig løypemelding på den jobben som blir gjort av alle på huset kvar einaste dag. Det siste året ser me at avisa har auka andelen digitale abonnentar med over 31 prosent, seier Salberg Rødfoss i pressemeldinga.

Hallingdølen (+ 539), Sandnesposten (+539), MittKongsvinger (+ 465) og Meråkerposten (+ 453) er blant dei andre lokalavisene som gjer det veldig godt det siste året. Avisa Lofoten har ein flott prosentvis framgang (+ 46 %). LLAs aviser har no eit totalopplag på 369.135.

Lokalavisa i Austevoll auka opplaget med 13 aviser, samanlikna med andre halvår i 2021, og ligg dermed med eit godkjent opplag på 1 979 i andre halvår '22.

NPK/ Marsteinen