Me har eit kjempeproblem. Noko av det eksporterer me. Resten brenn me.
Halvparten av plasten du kjeldesorterte heime i fjor, vart ikkje resirkulert. Han enda opp i forbrenningsomnar i utlandet. Må me bli flinkare til å sortere? Eller er problemet langt større?
Silje Rusten resirkulerer all emballasjeplast i heimen, og skulle gjerne sett at meir faktisk enda opp som gjenbrukt plast. Når ho har rydda lokale strender, har ho merka seg større mengder industrielt plastavfall og hardplast.