– Er det noko de saknar i matbutikkane, så tips oss gjerne, seier Nicoleta Vrabie og Mohamad Sabbagh. Opp mot 400 personar var innom på opningsdagen av Delikatess.

Mellom 300 og 400 personar var innom då Nicoleta Vrabie og Mohamad Sabbagh opna dørene til Delikatess på Storebø bryggje laurdag.

– Me hadde venta at det kom folk, men på langt nær så mange. Me hadde ikkje plass til alle på ein gong, fortel dei ferske butikkinnehavarane nokre dagar etter opninga.

– Attendemeldingane me har fått frå kundar har berre vore gode, trass i at me ikkje har alt på plass enno.

Mohamad og Nicoleta fortel om hektiske dagar før opninga, der mellom anna ein ferskvaredisk som skulle ha kome fredagen, ikkje gjorde det.

– Det stressa oss veldig. Disken får me vonleg i slutten av veka. Når han kjem, vert det ferske oliven, fetaost og paprika å få.