Austevollingen som altså brenner spirt på Fedje, seier til Marsteinen at internasjonale kåringar er heilt naudsynt for eit lite destilleri å hevda seg i. Særleg når dei skal ute i den store verda med produkta sine.

– Som eit lite brenneri må me ha prisar å vera til for å komma oss inn i portefølgjen til andre og større aktørar. Med slike utmerkingar, som me kan bruka til marknadsføring internasjonalt, men ikkje i Noreg, vert det mykje enklare. Me viser at me lagar brennevin i verdsklasse, seier Therese, som er ganen bak tre av dei fire gullmedaljane i kåringa. I denne konkurransen er det kvinner sin smak som er utslagsgivande,  og blant nokon i bransjen utpeika til den viktigaste vin- og spritkonkurransen i verda.

Enno ventar Feddie på den fyrste whiskey-tappinga si, og i mellomtida kan dei altså flyta godt på produkta den tidlegare bartenderen frå Austevoll har smakt seg fram til.

– Me jobba litt meir med den sitrus- og karvesmakande akevitten vinmonopolet ville ha på marknaden, og det har gjeve resultat no, seier Therese, som gler seg storleg til at whiskeyen deira skal verta klar for marknaden.

– For det er jo eit whiskeydestilleri me er, seier ho.