Det er Troland Havfiske som fyller opp kvotegrunnlaget på «Morten Einar» ved kjøpet av «Lønny». Sjølve skipet vert overteke i løpet av ei veke eller så, men kjem ikkje i fiskeri for Abraham Inge Troland og kompani.

– Me har kjøp 200 basistonn i struktutkvoter som me kan fiska NVG-sild, nordsjøsild, makrell og lodde på, og 400 basistonn på konsesjonar som gjev oss rettar på tobis og kolmula, seier reiar Abraham Inge Troland til Marsteinen.

Reiaren medgjev at han er spent på kvotemeldinga (2.0) som kjem om ei dryg veke, men ser likevel framtida lyst i møte.

– No har me gjort eit veldig byks i driftsgrunnlaget vårt. Hadde me ikkje sett lyst på moglegheitene, ville me nok ikkje gjort det, fastslår den karismatiske reiaren overfor lokalavisa.

«Morten Einar» som kvoter og konsesjon skal overførast på høyrer heime i det pelagiske trål-segmentet. Fartøya kan ha inntil 1000 kvotefaktorar per fartøy, og ein konsesjonskapasitet i kolmulefiske på 1500 m³. «Morten Einar» er etter kjøpet oppe i ein konsesjonskapasitet på 1400.

Dei andre som er inne i biltet med kjøpet er Hopmark havfiske frå Smøla og Krossfjord frå Øygarden.