Nyhende →
Skikkeleg samtak
Funkisklubben på Austevoll er eit glimrande eksempel på korleis det offentlege og friviljuge kan dra lasset saman. Det er elevar ved vidaregåande skulen, helse- og oppvekstlinja som står for drifta, medan medlemmar i Norsk Forbund for Utviklingshemma (NFU) bidreg med friviljuge og brukarar. Lokallaget her på Austevoll feira 50-års jubileum i fjor, mens Funkisklubben har eksistert dei siste fem åra.