I natt klokka 02.45 fekk naudetatane melding om ei arbeidsulykke om bord på en fiskebåt som låg til kai ved Austevoll, skriv Bergens Tidende.

Marsteinen har undersøkt saka, og finn at det er snakk om ei ulukke om bord i servicebåten "Ringafjord" i Beinskrokjen. Reiar Frode Møgster i selskapet Ringasund AS forklarar korleis ulukka skjedde.

– Mannskapet dreiv med vedlikehald av hovudkranen om bord. Vedkommande som datt, var i ei korg som han falt ut av. Han hadde verneutstyr på seg, inkludert hjelm, men fekk seg likevel ein kraftig trøkk. Fallet har vore på 3,5 meter, opplyser Frode Møgster til Marsteinen.

Den tilsette, ein mann i 20-åra, vart altså ført til sjukehus med luftambulanse. I fylgje Møgster står det etter forholda bra til med han.

– Han kjem til å vera til observasjon dei neste 24 timane, men han var altså medviten då han fart flogen til sjukehuset, avsluttar reiaren.

Endringslogg kl 08:33: Det var ikkje snakk om ein fiskebåt slik det framgår av andre media, men ein servicebåt tilhøyrande Ringasund AS.