Det internasjonale havforskningsrådet (ICES), den vitenskapelige organisasjonen som er ansvarleg for å gje råd til regjeringar om berekraftige fangstgrenser, har tilrådd at det er naudsynt med ein kraftig reduksjon på 44 prosent i fangst av norsk vårgytende sild. Dette tilsvarer ein reduksjon på 302 932 tonn i året.

Havforskingsrådet spår at sjølv om dette talet blir fylgt, kan sildebestanden likevel falle endå lågare innan 2025, og dermed bryta ei kritisk grense for bestandens langsiktige berekraft.

Nye data viser at bestanden av NVG-sild er blitt redusert frå sju millionar tonn i 2008, til om lag 3,7 millionar tonn i dag. Berre i 2022 blei det henta opp 36 prosent meir sild enn grensa ICES har satt.

Ikkje MSC-sertifiserte

Hovedårsak til den dramatiske utviklingen, er fiskerinasjonane sin manglande evne til å einast om kvotefordeling i tråd med vitenskapelige råd. I dag blir NVG-silda, saman med Atlanterhavsmakrell og kolmule, fanga i henhold til kvoter som fastsettes ensidig av kvart enkelt land, noko som resulterer i vedvarende overfiske av bestanden.

ICES sin analyse viser at berre i løpet av dei siste seks åra har den totale samla fangsten av NVG-sild, makrell og kolmule gått over den tilrådde fangstmengda med 31 prosent. Dette tilsvarer nesten 4,5 millionar tonn fisk som, viss vitskaplege råd hadde blitt fylgt, skulle ha blitt igjen i havet.

På grunn av overfiske er ingen av dei tre pelagiske artene MSC-sertifiserte i dag.

Lågaste på 35 år

Erling Kåre Stenevik, forskar ved Havforskningsinstituttet informerer at for NVG-sild er rådet neste år ein ganske stor reduksjon i tilrådd kvote. Det skuldast at bestanden er såpass låg til neste år, og kome ned til eit nivå at den er lågare enn tiltaksgrensa for forvaltningsstrategien.

Erling Kåre Stenevik er forskar pelagisk fisk ved Havforskingsinstituttet. Foto: Hi.no

– Kyststatane Noreg, Russland, Færøyane, Island og Storbritannia har bestemt ein forvaltingstrategi, det vil seia einighet om ein del av bestanden som kan fiskast kvart år. Men når bestanden kjem under ei grense, reduserer ein delen som vert teken ut, slik at han ikkje skal blir for lav. Til neste år er denne bestanden under denne grensa. Så låg har ikkje bestanden vore sidan 1988 på NVG-sild, informerer Stenevik.

ICES tilrår at det ikkje vert fiska meir enn 390 010 tonn NVG-sild i 2024. Til samanlikning var kvoterådet for 2023 511 171 tonn, men sidan det manglar internasjonal einighet om totalkvote vart summen av kvotene frå alle land på 692 942 tonn for 2023.

– Nedgangen er eit delvis resultat av haustingsregelen i forvaltningsplanen som kyststatane vart einige om i 2018. Då utgjorde kyststatane Noreg, Russland, EU, Færøyane og Island. Idag er Storbritannia medlem i staden for EU.

Ein kritisk lav gytebestand reduserer sjansane for å produsera god rekruttering, og difor har forvaltarane av NVG-silda blitt einige om ein haustingsregel med eit relativt lavt fiskepress som gjer lav sannsynligheit for at gytebestanden på lang sikt skal hamne under kritisk nivå.

Nasjonane som fiskar NVG-sild er ikkje einige om kor stor del kvar nasjon skal ha, og har sidan 2013 fiska vesentlig meir sild enn kvotetilrådinga.

Samla har det blitt fiska om lag 1,7 millionar tonn meir enn kvotetilrådingane sidan 2013.

– Det er viktig å merka seg at ein med stor sannsynlegheit ikkje ville ha hamna under tiltaksgrensa i 2024 dersom fisket hadde vore i tråd med haustingsregelen.

HI har, saman med forskarar frå andre nasjonar og i samarbeid med fiskerinæringa, jobba for å få eit best mogleg grunnlag for ein god forvaltning av bestanden av NVG-sild.

– Me har god prøvetaking av fiskeriet gjennom fangstprøvelotteriet, og her er flåten og landindustrien viktige bidragsytarar, skriv Stenevik i kronikk i Fiskeribladet i september.

Delaktig i kyststatsforhandlingane

Dagleg leiar i Knester AS, Kai Eliassen meiner havforskarane forventar at gytebestanden vil vera lågare enn berekraftig  tiltaksgrense på 3,184 millionar tonn neste år.

– Når det skjer, trekkjer forskarane i bremsen, og setter kvoterådet på eit nivå som kan bidra til at bestanden kan byggast opp igjen.

Kai Eliassen er dagleg leiar i Knester AS. Foto: Arkivfoto

– Me er endå ikkje der at NVG-silda er i ein kriseforfatning på noko vis, men tendensen i bestanden har vore der heile tida. Det som er positivt oppi dette er at Noreg nok ein gong prøver å visa ansvarlegheit, meiner Eliassen.

Fiskebåt (interesse- og arbeidsgiverorganisasjon for den norske havfiskeflåten) som reiarlaget Knester er organisert i, har teke initiativ og er delaktig i dei internasjonale kyststatsforhandlingane. Noreg har nylig vore i forhandling med kyststatene, og det er vilje til å finna løysingar. Men det må det vera internasjonal einingheit om det skal fungera.

– Færøyane sin del er det kanskje mange meiner den som er mest urimeleg. Dei har fiska 10 000 tonn no, og har løyvd seg mykje meir. Eliassen meiner Noreg har teke førarsete på forvaltninga av NVG-silda og teke ansvar når det gjeld forskning. I årtider stod bestanden i norsk sone, før han på midten av 90-talet byrja å vandra ut av norsk sone.

Ynskje om einigheit

– Alt ser ikke svart ut. Det skal seiast at me har forventning til 22-gytinga. Gode årsklassar av sild er viktig for utviklinga av bestanden. Uttak er ein ting, men så er det parameter som rekruttering som betyr mykje, kvoteråd og kva ein tek omsyn til når ein sett tilråding til kvoteuttak. Ved bra gyting i 2022 vil det seia at det ikkje er noko haustbar fisk før om ein fem-seks år. NVG-silda veks ganske seint, men kan bli over 20 år gammal om ho ikkje hamnar i eit gap eller not.

Eliassen har eit inderleg ynskje om at nasjonane anstrenger seg meir for å koma til einigheit, ikkje tenkja kortsiktig egoistisk vinst, men tek utgangspunkt i sonetilhøyrigheit, set nøktern kvotedel, og blir einige. Fiskeriforhandlingar er alltid komplisert, meiner han.

– Det som er nøkkelen i løpet av eitt års tid er å bli einige om ein fordelingspakke og fylgja ICES tilråding er mitt ynskje. Me må tenkja langsiktig og landa på ein felles forståing.

 Ein kan ynskje og tru, men det trengs einigheit for at det skal gå rette vegen. Forvaltning og kvoteråda på silda er slik at ein set inn tiltak i god tid før ein mogleg bestandskollaps, som ein hadde på 50-60-talet. Me er ikkje der no, avsluttar Eliassen.