– Amigo vart funnen like sør for staden der han vart sett i går. Etter snart eit døger, var eg i ferd med å mista håpet, seier Kurt Aga til Marsteinen. Eigaren seier at han er djupt takksam for all hjelp og engasjement etter at han etterlyste hunden sin sundag.

Nashmia Sandbugt er ein av dei som har vore ute og leitt etter hunden, og er glad for at dei til slutt fann han, saman med Lina Aga Aarra.

– Han stod fast på ei berghylle, men me har redda han og han er komen trygt heim, skriv Sandbugt i ei melding til Marsteinen.