Organisasjonen BirdLife er spente på korleis den kalde og snørike starten på vinteren i år har påverka fuglane som overvintrar i heimlandet. Dei håper at så mange som mogleg vil delta med å melde inn kva fuglar som er i hagen desse to dagane.

Det er 17. året på rad at fleire tusen norske hagar skal undersøkjast av fuglevener. Dette gjer at organisasjonen veit ganske mykje om korleis bestandane har endra seg i perioden. Nokre artar har problem, og det blir færre av dei, medan andre igjen blir meir talrike og aukar utbreiinga si om vinteren.

Talet på fuglar som overvintrar i norske hagar varierer ein del, og det kan ha mange ulike årsaker. I år er det knytt ekstra fleire spenningsmoment til teljinga på grunn av kulde og snø.

Talet på fuglar varierer heile tida, og det er finkefuglane som står for dei store utslaga. Dei er såkalla næringsnomadar og kan flyge over store område utanfor hekketida. Då er dei på evig jakt etter gode næringsforhold.

Dei ulike finkane har ulik favorittmat, som er frø frå ulike tre, slik som or, bjørk, bøk og gran. Frøsetjinga hos treslaga er derfor med på å forklare kvifor det er lite av ein art eitt år, men store mengder eit anna.

Rapportar frå norske hagar hittil i vinter kan tyde på at det er rikeleg med dompap, og det er også teikn som tyder på at gråsisik kan gjere det godt på teljinga.

Alle kan vere med på teljinga, og det kan ein gjere ved å rapportere det ein ser på nettsida fuglevennen.no. Her finn ein også mykje nyttig informasjon om fuglar, og det kan vere nyttig å sjekke her om ein ikkje veit heilt kva type fugl som er observert.

(©NPK)