Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Det webbaserte dataprogrammet «PreventLice» er ifølgje Havforskingsinstituttet ein del av eit nyleg avslutta FHF-prosjekt og skal hjelpe kvart enkelt anlegg å finne det beste vernet mot lakselus. Det gjer dei ved å plotte inn lokaliteten sin i programvara – som deretter viser kva strategi for lusevern som fungerer best basert på miljøet i området. Appen er laga slik at han kan brukast på alle aktive oppdrettsanlegg i Noreg.

Dei luseførebyggjande strategiane som er inkluderte i programvara er såkalla snorkelbarrierar og ein dynamisk strategi som kombinerer skjørt, luft og djupnejusterbart lys og fôring. Eit skjørt er ein presenning eller planktonduk som blir trekt rundt merden for å hindre at lusa kjem inn, medan ein snorkelbarriere gjer at fisken blir halden nede i djupet, men kan symje til overflata og fylle symjeblæra via ein snorkel. Etterpå sym han attende til djupet, der han har både lys og fôr.

Miljødataa i appen er henta frå modellane NorFjords160 og NorKyst800. Dei tek omsyn til tidvatn, vind og bølgjer for å føreseie temperatur, saltinnhald og kor sterke straumane er i den norske kystsona. NorKyst800 er mellom anna brukt i berekningane om korleis lakselus blir spreidd i fjordane. NorFjords160 er eit liknande system, men med fem gonger betre oppløysing.

(©NPK)