Grågås har blitt eit aukande problem etterkvart som den lokale bestanden veks til. På Møkster vil dei ha fellesingsløyve.

I fleire år har grågås vore eit problem på Møkster. No ynskjer innbyggjarene fellingsløyve.

Alf Roald Strømme er ein av fleire som blir plaga av grågjæser på Møkster. Vegen frå kaien til Alf sin eigendom er dekka av avføring til fuglane.

– I dag er det ikkje så ille som det pleier, fordi bror min vaska mykje vekk i går, seier han.

På ei øy med om lag 300 sauar og rundt 70 gjæser er det ikkje rart at asfalten er dekka med avføring frå dyr.

– Når det er gåseekskrement i tillegg til sau blir det veldig ekkelt og skite. Skoa blir fulle i drit før me kjem oss heim. Det er veldig ureint, fortel han, som er ein av om lag 60 innbyggjarar på øya.

Det kan ta fleire timar å fjerna avføringa.

– Det tar nesten ein halv dag å spyla det vekk når det er så rikeleg med drit, seier Alf Roald fortvila.

Les resten av saka i Marsteinen denne veka.