Marianne vaks opp i Heimark, og etter siviløkonomstudiane, møtte ho mannen sin som førte henne til Fitjar som òg er heimstaden hennar idag. Den driftige og spreke dama likar friluftsliv og er glad i fjellturar.

Læremeistertrio

– Då eg gjekk Handel og kontor på vidaregåande som 18-åring mista eg far min, innleiar Marianne frå økonomisjefstolen.

Ho søkte seg arbeid i offshoreverksemda DOF, fekk jobben og flytta samstundes heim til Austevoll. Rundt lunsjbordet på den tida sat tolv tilsette. Tre av desse har hatt stor innverknad for karriereløpet hennar.

– Hilde Drønen, Liv Bente Storebø og Britt Katrine Drivenes vart tidleg mentorane mine.

Men sidan utdanning var fokus for henne gjekk vegen nokre år seinare vidare til studiar.

Det var siviløkonom ho ville bli, og Marianne meinte om ho skulle arbeida innan feltet kunne ho ikkje vera så dårleg i engelsk som ho var. Og kva er det beste måten å læra engelsk på? Jo det er å flytta til eit engelsktalande land. Marianne søkte seg difor plass i USA, i Tacoma i Washington, og tok siviløkonom-studiet der.

– Eg reiste for å læra meg engelsk. Men så vart det ein siviløkonom-grad ut av det òg, konstaterer Marianne.

Verva til arbeid

Med utdanninga i kofferten attende til Noreg, var det her tørke i offshore-bransjen - Marianne vart ståande utan arbeid den fyrste tida.

– Eg gjekk faktisk arbeidsledig i fire månadar før eg fekk arbeid i ei anna austevollverksemd. Seinare møtte ho kjærleiken. Ho tenkjer seg om.

– Eg møtte mannen min i ´94. Me gifta oss året etter, og samstundes flytta eg til Fitjar.

Eit par år seinare ringte Magnus Stangeland. Han trengte ein økonomisjef på Fitjar Mekaniske som då nett vart kjøpt opp av den tidlegare arbeidsgjevaren til Marianne.

Marianne takka ja til denne jobben. Inn kom òg Hilde Drønen som vart koordinator og ein nær støttespelar for Marianne. Seinare tok Liv Bente Storebø over denne rolla som koordinator. Marianne vart verande i mange år innad i den austevolleigde verksemda, til ho om lag 15 år seinare tok steget vidare til arbeid på Stord-sida. Ho landa på eit rekneskapsfirma ho stortrivst i, og hadde ingen tankar om å gjera noko anna.

Men, ein tidlegare kollega av Marianne hadde starta i arbeid som personal- og organisasjonssjef i kommunen. Deretter vart økonomisjef-stillinga i kommunen òg lyst ut, og venninna nemnde den ledige stillinga for Marianne.

– Det var ikkje aktuelt for meg. Eg trivst der eg var.

Under prosessen nytta Stord kommune seg av ei rekrutteringsverksemd.

– Dei tok kontakt med meg om eg kunne vurdera stillinga, og ta ein uforpliktande prat.

Det eine førte til det andre, Marianne søkte stillinga, og fekk ja.

– Då rådmannen ringte og sa eg fekk jobben, var eg klar. Sidan har eg ikkje sett meg attende.

Marianne utanfor Rådhuset på Stord. Foto: Ann Elin Drønen

Gitt rammevilkår frå andre

Privat næringsliv og kommunal sektor omskriv Marianne som overraskande likt.

– Tempo er definitivt like upbeat. Det skjer enormt mykje på kort tid, med stor variasjon i arbeidsoppgåver. Den største forskjellen er at du ikkje har noko inntektside å jobba med. Det er på ein måte ei krykka som manglar når du jobbar i offentlig sektor, for du er gitt rammevilkår frå andre enn eigen påverknad.

Marianne tykkjer motivasjonen for å bruka pengane klokt, er større som kommune enn som privat aktør.

– Som privat skal du jobba mot overskot til eigar. Men det er endå meir motiverande når dette er til innbyggjarane sitt beste. Samfunnsperspektivet har vekka ting i meg som eg ikkje visste var der.

– Korleis er det å vera økonomisjef i Stord kommune?

– Det er utfordrande. Me har ingen ekstrainntekter som havbruksfond, grunnrenteskatt verken frå kraft eller oppdrett, og det er lite eigarar som bur her, som igjen fører til lite formuesskatt.

Kommunen har derimot mykje innleigd arbeidskraft frå andre land og andre kommunar.

– Me har lite arbeidsløyse, og er på rett veg med tanke på utanforskap. Ein stor del av innbyggjarane er òg utlendingar, grunna to asylmottak. Eitt ordinært og eitt for mindreårige flyktningar. Denne busettinga har auka folketalet. Og med ein stor del utlendingar, utfordrar dette skulesystemet med språkopplæring og tilpassing, fortel Marianne og legg til at kommunen har ein del å jobba med.

– Når du berre har kostnadssida å jobba med, fører det til at du må redusera tenester for sårbare grupper, og det er ikkje noko kjekt.

Ho medgjev noko svartsjuke til kommunar som har høgare skatteinntekter, meir havbruksfond og grunnrenteskatt.

– Me har dei same krava til teneste, og dessutan er Stord ein større kommune enn mellom anna Austevoll. I enkelte samanhengar kjenst det som Stord har trekt det kortaste strået.

Men ho påpeikar at det er spanande å jobba i kommunal sektor.

– Alle stigma er ufortjent. Eg har møtt svært dyktige folk i sektoren. Når folk vegrar seg å jobba som kommunearbeidar, blir eg opprørsk. Det er mange flinke folk, og ikkje dumt å jobba i sektoren.

Tidleg opplært frå mamma

På spørsmål om kvifor Marianne ville bli siviløkonom, svarer ho at det var nok medfødd.

– Heilt frå eg var pitteliten har eg vore interessert i økonomi.

Ho mimrar attende.

– Me var ein gjeng som sykla til Rostøy til kiosken som Lilly Blix drifta den gongen.

Marianne smiler.

– Eg hadde tre kroner å snopa for. Då var det å velja mest mogleg optimalt, og få mest mogleg ut av dei tre kronene. Lilly hadde gått heile vegen frå huset sitt for å ekspedera oss, og så hadde me ikkje meir enn dei tre kronene. Men snop vart det, og så sykla dei attende til staden Marianne er oppvaksen: Heimark.

– Eit lite trygt område der eg som yngstesyster vaks opp med to eldre brør, fortel ho og omskriv både staden og oppvekst som fantastisk.

Noko av æra kan mogleg mor hennar få for Marianne si interesse for tal.

– Mamma har alltid vore flink på økonomi og dreiv gard og hønseri, smiler ho.

Kjekk plass å bu

Idag er ho busett på tettstaden sør for Selbjørnsfjorden, og trivst godt.

– Stord-øya og Fitjar kommune har større område å boltra seg på enn heime i Austevoll. Det er høgare fjell og lengre fjell å gå på, og likevel har me skjergarden. Dessutan er det litt meir snø. Og fleire tilbod, legg ho til.

– Aldri at eg treng å reisa til Haugesund eller Bergen for å handla noko.

Marianne har nytta seg av den flunkande nye klatrehallen på Nysæter Ungdomsskule.

– Det er gøy, konstaterer ho.

Marianne er òg frykteleg glad i fjella.

– Ti minutt frå bustaden min er me i fjella.

I tillegg har familien kjøpt hytte på Seljestad i Odda kommune der mykje av tida vert nytta. Når ho ikkje trenar eller går i fjella, nyttar ho tida til å sy.

Eg likar å sy, og har sydd Sunnhordlandsbunad til alle tre sønene mine. For tida er ho i gang med Rogalandsbunad til svigerdottera òg.

Om det er èin ting Marianne saknar frå Austevoll, er det iveren hos folk.

– Humøret, og den godmodige ironien. Eg saknar glimtet i augo til austevollingane. Her er folk litt seriøs og formelle, medgjev Marianne.

– Den uformelle stilen er trivselsfaktor. Eg finn meg sjølv i å sakna når folk er engasjerte og diskusjonen kan verta høglydd, det er noko herleg med det, avsluttar ho og sig roleg inn att i rådhuset på Stord.