Det er godt å vera austevolling på Dana Cup.

I dag er fyrste kampdagen for austevollingane som er med på Dana Cup. Desse er begge J15-laga, begge G15-laga og det såkalla søskenlaget. Dette er småsysken på rundt tolv år som er med på Dana Cup.

Og cupen har byrja godt, og blotta for tap. J15-1 laget vann 8-0 over fyrste motstandar, J15-2, spela uavgjort og G15-1 vann 7-1. Både G15-2 og søskenlaget spelar dei fyrste kampane sine i kveld.

– Alle Austevoll-laga bur på Skallerup klit, så når me ikkje spelar kampar heiar me på andre austevollslag. Når ingen spelar går me på stranda, slappar av, spelar bowling, badar og mykje anna kjekt som ein kan finna på her. Me har også vore i Fårup sommarland, melder trenar Jeanette Heggen.

I Marsteinen på torsdag får du siste nytt om korleis austevollingane gjer det i Danmark.