I fleire år har gravferdsagent Maria Vassnes i Dahls hatt dialog med kommunen om å betra tilhøva både for lagring av avdøde og ikkje minst naudsynt stell. I dag må kjølerommet nyttast til stell, noko det langt frå er eigna til meiner Vassnes.

– Det er liten plass, det manglar dusj og avlaup og me får problem med dogg i kjølerommet når me òg må nytta det til stell, seier gravferdsagenten. I realiteten får dei knapt plass inn mellom kistene, og bordet dei nyttar til stell må ofte òg brukast til visning og minnestund. Ofte er det kroppsvæsker som treng vaskast, den avdøde må stellast, frå tid til annan må dei driva med sying og gjennoppretting gjev alt dette vanskelege arbeidstilhøve.

– For meg handlar det om respekt for den avdøde. I dag er situasjonen me må stella dei i uverdig, poengterer ho. I ytste konsekvens må Dahl frakta avdøde til Bergen for å utføra stellet der, men i hovudsak ynskjer dei seg eit lite rom på PO-senteret som berre skal brukast til deira føremål. Dei treng dusj, avløp og ein portibel stellebenk i tillegg til dagens kjølerom. Dette er hovudpunkta i korrespondansen ho har hatt med kommunen, som Marsteinen har fått innsyn i.

Kommunalsjef Gro Kalvenes skriv til Marsteinen at dei som døyr ved pleie- og omsorgssenteret blir stelte på sine eigne rom etter familiens ynskje. Familien bestiller sjølve begravelsesbyrå.

– Ved pleie- og omsorgssenteret tek me den tida dette treng, og familiane har gjerne ei minnestund på romma før begravelsesbyrå overtek. I påvente av begravelsesbyrå, blir vedkommende avdøydde trilla ned til kjølerom.

Vidare vert det peika på dette kjølerommet er nyleg oppgradert med fleire plassar. – Det har til no ikkje blitt meldt om mangel på plass. Vidare har Austevoll kommune tatt initiativ til eit møte i uke 37 med leiinga ved Dahls begravelsesbyrå. Av dei som døyr ved po-senteret er det ingen som blir stelt i kjølerom, hevdar Kalvenes.

Avviser kommunens påstandar

Hos Dahls begravelsesbyrå meiner Maria Vassnes at det slett ikkje er slik at alle som døyr på PO-senteret blir ferdigstelde på romma sine etter dødsfalla.

– I Austevoll er det særs vanleg med minnestund og vising av den døde. Då trengst det mellom anna eit såkalla utvida stell, og dette gjer me ikkje på romma seier ho.

Vassnes meiner vidare at det er direkte feil og visa til at det ikkje er etterspurd meir rom enn den reine lagerplassen som kommunalsjefen hevdar i svaret sitt.

– Nei, dette har me peika på i lang tid. Dessutan er det jo heller ikkje slik at alle som døyr i Austevoll døyr på PO-senteret, og sidan me ikkje har noko monopol på gravferdstenestene hjelper det ikkje i det store og heile om me utstyret våre eigne lokale med slike stellerom og kjøl, poengterer Vassnes. Fasilitetane ho etterspør er vanleg i andre kommunar.

– På sikt ynskjer mange seg nok livssynsnøytralt forsamlingshus. Det kunne vore naturleg å ha stelle- og kjøleromma i tilknyting til eit slikt bygg.